Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Libanon på kanten av stupet

I kjølvatnet av Syria-krigen har Libanon mottatt 1,5 millionar flyktningar og blitt ein bufferstat mot IS. Kva forklarer landets robusthet mot valdsringverknader frå Syria?
24 august 2016
11:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Midtøsten og Nord-Afrika
  • Konflikt
  • Engelsk

Dette seminaret tar for seg Libanons respons til Syria-krisa. Med presidentvakuumet, sidan 2014 som bakteppe har Libanon kjempa for å for å bevare felleskapet i samfunnet og forsvare eigen suverenitet mot grenseoverskridande angrep frå syriske regimestyrkar så vel som frå Jihadister.

Det politiske landskapet har vore i konstant krise sidan 2005 og har blitt ytterlegare polarisert langs politisk-sekteriske linjer som liknar dei syriske frontane. Hizbullah har fått kamperfaring i Syria og ønskjer intern anerkjenning for den militære innsatsen sin mot Jihadist-grupper på begge sidene av grensa. Sjansen for at den nasjonale, fleirreligiøse, hæren skal gå i oppløysing er reell, og det er også moglegheita for ein sunni-sjia-krig, i siste instans.

Libanons “konsosielle demokrati”, maktdelingsprinsippet mellom dei religiøse gruppene i landet, er kjende for å vere ineffektivt, men hindrar produksjon av klare vinnarar og taparar – og har derfor vist seg resistent mot diktatur. Modellen blir presentert som ein siste utveg for Syria men internt er han under auka press frå ikkje-statlege aktørar og sekulære sivil-samfunnsaktivister. Spørsmålet er om eit reformert system kan motstå Hizbullahs aukande innverknad i staten og tryggingssystemet.

Du kan følgje seminaret live på YouTube:

Hovedtaler

Tine Gade
Seniorforsker
Joseph Bahout
Gjesteforsker, Carnegie’s Middle East Program

Møteleder

Kari Karamé
Tidligere ansatt
24 august 2016
11:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Midtøsten og Nord-Afrika
  • Konflikt
  • Engelsk