Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Utanfor rekkjevidde? EU og det kinesiske klimaforholdet etter Paris

På dette seminaret vil Dr. Olivia Gippner (LSE) gå gjennom utviklinga i klimaforholdet mellom EU og Kina sidan byrjinga i 2005.
07 september 2016
13:30 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Asia
  • Klima
  • EU
  • Engelsk

Det siste tiåret har EU fremja effektiv multilateralisme og følgt ein policy tufta på vilkårsløyst engasjement overfor Kina.

På klimaendringsfeltet har Kina i blitt ein stadig viktigare deltakar i prosessen rundt klimakonvensjonen, og landet er eit viktig mål for europeisk engasjementspolitikk. Sett bort frå geografisk avstand, som hindrar europeiske høve til å bruke tvangsmiddel overfor Kina, har Europa nytta ei rekkje instrument i utanrikspolitikken sin for miljø.

COP21 i Paris har blitt løfta fram som eit stort gjennombrot av både europearar og kinesarar. Dette seminaret går gjennom utviklinga i klimaforholdet mellom EU og Kina sidan starten i 2005. Med utgangspunkt i to intervjurunda frå Beijing i høvesvis 2012 og 2016, vil Gippner sjå på dynamikkar for politikkutforming i Kina. Utsleppshandel blir brukt som case for ein studie av innanrikspolitikk. Til dømes er dei sju pilotsystema eit resultat av ein kamp mellom National Development and Reform Commission og Finansdepartementet om innføring av eit utsleppskvotesystem. EU og Noreg kan påverke innanriks politikkutforming ved å bidra med storskala kapasitetsbygging. Inneber dette ei suksesshistorie for klimapolitikken?

Dr. Olivia Gippner er Dahrendorf postdoktor med fokus på forholdet mellom EU og Aust-Asia ved LSE IDEAS. Ho har doktorgrad i statsvitskap frå Freie Universität Berlin og Berlin Graduate School for Transnational Studies. Forskingsekspertisen hennar er på klimapolitikk, forholdet mellom EU og Kina og kinesisk politikkutforming. Ho er redaktør for LSE IDEAS' spesialrapport "Changing Waters: Towards a new EU Asia Strategy" (April 2016).

Seminaret er organisert som ein del av NUPIs seminarserie om Kina og Norden og seminarserien Noreg møter Europa.

Du kan følgje seminaret på YouTube:

Program 13.30 - 15.00:

13.30 - 14.10: Presentasjon ved Dr. Olivia Gippner (London School of Economics)

14.10 - 15.00: Q&A

Hovedtaler

Olivia Gippner
Dahrendorf postdoktor i EU-East Asia relations, LSE IDEAS

Møteleder

Marc Lanteigne
Tidligere ansatt
07 september 2016
13:30 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Asia
  • Klima
  • EU
  • Engelsk