Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Korleis missa ein milliard: Afrikas tap frå gruveindustrien

Ressursrike land klarer ofte ikkje å sikre seg ein rettferdig del av naturressursformuane sine. Don Hubert har i ”Korleis missa ein milliard” utarbeidd eit rammeverk for å vurdere inntektsrisiko. I rapporten er det også ei omfattande samling av ”real-world case studies” designet for å hjelpe ressurrike land med å stoppe skattesvik.
11 desember 2017
14:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Internasjonal økonomi
  • Afrika
  • Styring
  • Engelsk

Regjeringar tilbyr ofte store skattekutt under kontraktsforhandlingar utan å forstå kva dette kan bety for inntektene til staten. Når avtaler så har blitt avtalt, prøver selskap så å forbetre desse vilkåra ved å engasjere seg i "treaty shopping" mellom land.

President og grunnlegg av ”Resources for Development Consulting”, Don Hubert, besøkjer NUPI 12. desember for å snakke om rapporten og rammeverket. Arrangementet er koordinert av Skattjakt-nettverket.

Til og med under gode føresetnader klarer ikkje regjeringane å oppnå ein viss innekt frå naturressursane. Dette er blant anna fordi bedrifter kan underrapportere mengda og kvaliteten på råvara, og dessutan selje til tilknytta selskap/dotterselskap under marknadsverdi. Bedrifter kan også overrapportere prosjektkostnadene ved å krevje ikkje-støttegodkjende kostnader, og overdrive kostnadene for varer og tenester frå eit tilknytta firma.

Det finst mange måtar å gå glipp av statsinntekter på, men det er også klare mønster. Regeringer kan verne inntektene sine ved å tilpasse ei vurdering av inntektsrisiko til lovgivinga i landet, dei spesifikke råvarene, selskapa og strukturen deira av dotterselskap og filialar, og dessutan moglege smotthol i kontrakten mellom selskap og staten.

Presentasjonen vil fokusere på døme på inntektstap frå Afrika, og på ulike strategiars effektivitet i å hjelpe landa til å sikre ei god inntekt frå naturressursane.

Rapporten kan lastast ned her

Don Hubert er president for Resources for Development Consulting, eit forskingsfirma som hjelper innbyggjarar i ressursrike utviklingsland og sikre ein god del av naturressursformuen.  Arbeidet hans fokuserer på å analysere kontraktar frå utvinningsindustrien og finansregime, modellering av inntektene til staten, vurdering av sårbarheit for unndraging av selskapsskatt og identifisering av korrupsjonrisiko. Han har utført økonomiske analysar av utvinningssektor-prosjekt i Belize, Kambodsja, Tsjad, Kenya, Malawi, Mosambik, Tanzania, Uganda og Zimbabwe. Han var tidlegare ein kanadisk diplomat og universitetsprofessor. Han har doktorgrad ved Universitetet i Cambridge, Storbritannia.

Ordstyrar er NUPI-forskar Morten Bøås.

Hovedtaler

Don Hubert
Grunnlegger og president, Resources for Development Consulting
11 desember 2017
14:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Internasjonal økonomi
  • Afrika
  • Styring
  • Engelsk