Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

LUNSJFOREDRAG: Nye medium, ny verda? Korleis forstå rolla til teknologien i ekstremistanes, propagandaens og “falske nyheiters” tidsalder.

Kva har nye kanalar for medium og kommunikasjon å seie for politikk og samfunn?
21 august 2017
11:30 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Terrorisme og ekstremisme
  • Engelsk

Nye kanalar for medium og kommunikasjon er nøkkelen til å forstå viktige moderne fenomen – frå terrorisme og radikalisering til utanlandsk propaganda og “falske nyheiter”.

Til no har ein ikkje problematisert i stor nok grad rolla desse spelar: Kva har dei eigentleg å seie for politikk og samfunn?

For å sjå nærare på dette kjem Cristina Archetti til NUPI 22. august. Presentasjonen hennar ønskjer å forklare korleis kommunikasjon (bade elektronisk og ansikt til ansikt) og medieteknologi passar inn i ein breiare prosess av politisk mobilisering og identitetsskaping. Den bidrar også med ei forståing for dei sosiale og politiske prosessane som underbyggjer såkalla informasjonsbobler (ekkokammere) og omgrep som «postsanning» og «tida av desinformasjonen». Dette er det første steget på veg til å gi større forståing av moglegheitene og avgrensingane nye medium har i ei framtid som blir kjenneteikna av aukande politisk polarisering og sosial fragmentering.

Seminaret blir arrangert av Konsortium for forsking på terrorisme og internasjonal kriminalitet.

Cristina Archetti er professor i politisk kommunikasjon og journalistikk ved Universitetet i Oslo. Hennar forskingsinteresser ligg i skjeringspunktet mellom kommunikasjon, politikk og tryggleik. Ho har over 13 års erfaring i å undervise på høgare nivå, og sit også i det redaksjonelle styret i journalen Critical Studies on Terrorism, og var tidlegare styreleiar av seksjonen International Communication i International Studies Association (ISA). Archetti har skrive fleire bøker og ho har vunne mange prisar for desse. Blant prisane fekk ho Denis McQuail Awards i 2008 for ‘Innovating Communication Theory'.

Ordstyrar er seniorforskar på NUPI Rita Augestad Knudsen.

Det blir servert ein lett lunsj frå 11.30. Presentasjonen varer frå 12.00 til 13.30.

Taler

Cristina Archetti
professor, Universitetet i Oslo
21 august 2017
11:30 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Terrorisme og ekstremisme
  • Engelsk