Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Montenegros integrasjon til EU og NATO i utfordrande tider

Montenegro er i ferd med å bli NATOs 29. medlem, og er dermed det første landet frå Vest-Balkan sidan Kroatia blei medlem i 2009. I samband med dette kjem Montenegros europaminister for å dele sitt syn på situasjonen.
17 mai 2017
13:30 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • NATO
  • Europa
  • EU
  • Engelsk

I ein periode med auka geopolitisk spenning, intern splitting i Europa og Vesten, er det ei rekkje nye utfordringar som møter oss. Montenegros medlemskap i NATO er derfor eit lite, men viktig teikn på framgang. I tillegg, no som EUs utvidingsprosess ser ut til å ha sakka ned farten, har også reformer og demokratiseringsprosessar i fleire kandidatland gjort det same. Utvikling i mange av nabolanda er problemfylte og med eit falmande håp for demokratisk mangfald, lovgiving og velstand.

I samband med Montenegros medlemskap i NATO kjem Aleksandar Andrija Pejović til NUPI. Han er Minister of European Affairs of Montenegro, og Chief Negotiator for Montenegro's Accession to the European Union. Han vil dele sitt syn på situasjonen – sett frå Montenegro.

Etter ein presentasjon frå Pejović vil det vere mogleg å stille spørsmål. Ordstyrar er seniorrådgivar på NUPI, Karsten Friis.

Taler

Aleksandar Andrija Pejović
Minister of European Affairs of Montenegro and Chief Negotiator for Montenegro's Accession to the European Union
17 mai 2017
13:30 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • NATO
  • Europa
  • EU
  • Engelsk