Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Påverknadsoperasjonar og desinformasjon som verdsfenomen

Hacking, falske nyheiter og propaganda har blitt eit stadig vanlegare syn i verdspolitikken. Ofte blir Russland utpeika som hovudmistenkt. Men er det eigentleg rett?
04 desember 2017
14:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Engelsk

Påverknadsoperasjonar utført av statar er i dag ein del av verdspolitikken som ikkje vil forsvinne. Sjølv om det finst heilt legitime måtar for staten å kommunisere på med målgrupper i andre land, det såkalla offentlege diplomatiet, har ein dei siste åra sett fleire fordekte, eller hemmelege, forsøk på å påverke meiningane og avgjerdene til offentlegheita.

Cyberinnbrudd, spreiing av propaganda og desinformasjon og skjult finansiell støtte til politiske parti i EU er døme på reelle truslar som demokrati må takle. Og sjølv om Russland ofte blir peika ut som syndebukken er situasjonen eigentleg mykje meir komplisert.

På dette arrangementet vil Martin Kragh snakke om korleis påverknadsoperasjonar og desinformasjon har blitt eit verdsfenomen.

Martin Kragh er sjef for Russland- og Eurasiaprogrammet på Utenrikespolitiska Institutet (UI) i Sverige. Kraghs forskingsinteresser omfattar den russiske økonomien og historia, men også den politiske utviklinga i Russland og tidlegare USSR. Martin Kragh har ein PhD frå Stockholm School of Economics og er dosent ved Uppsala Centre for Russian and Eurasian Studies.

Som kommentar til Kragh's presentasjon vil NUPI-forskar Malin Østevik diskutere den innanrikspolitiske konteksten som russiske påverknadsoperasjonar spring ut frå. Dette er basert på eit pågåande prosjekt som ho har jobba med saman med NUPI-kollega Jakub Godzimirski om russisk strategisk kommunikasjon overfor Europa. 

Arrangemetet blir avslutta med ein Q&A-runde der Kragh og Østevik får selskap av Carsten F. Rønnfeldt. Han er førsteamanuensis i internasjonal politikk på Krigsskolen. Han har doktorgrad i International Relations frå London School of Economics og publiserer i internasjonale vitskaplege tidsskrift. Han har tidlegare jobba på Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI), og for FN og humanitære organisasjonar i ei rekkje land.

Ordstyrar er seniorforskar ved NUPI Njord Wegge. Hans forskingsinteresser er tryggleik og forsvarspolitikk, inkludert spørsmål knytt til hybridkrig, etterretning og nasjonal tryggleik.

Deltakere

Martin Kragh
Programsjef for Russland- og Eurasiaprogrammet, Utrikespolitiska Institutet (UI)
Malin Østevik
Tidligere ansatt
Carsten F. Rønnfeldt
førsteamanuensis i internasjonal politikk, Krigsskolen

Ordstyrer

Njord Wegge
Tidligere ansatt
04 desember 2017
14:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Engelsk