Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Serbias statminister om EU-medlemskap og samarbeid i regionen

Statminster Ana Brnabić besøkjer NUPI for å gi perspektivet sitt på Serbias håp og status for eit EU-medlemskap
22 november 2017
13:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Europa
  • EU
  • Engelsk

Eit EU-medlemskap er hovudmålet for utanrikspolitikken til den serbiske regjeringa. Statsminister Ana Brnabić seier at landet har hatt stor framgang i prosessen mot EU-medlemskap, og at ho forventar at denne prosessen akselererer i åra som kjem som følgje av nyleg innførte reformer. Serbias anstrenging og viljekraft på vegen mot ein medlemskap har blitt sett av EU og døra er open for Serbia – noko som også har blitt signallisert av EU-kommisjonens president Jean-Claude Juncker.

Ana Brnabić understrekar at det er viktig å halde moglegheita for EU-medlemskap open for alle landa på Balkan, også no når EU står overfor store utfordringar: «EU er eit prosjekt for fred og samarbeid. Prosjektet blir fullført når landa på Balkan blir ein del av EU. Det er dette som garanterer varig fred og gode framtidsutsikter i regionen. Ved å kople saman regionen gjennom handel, infrastruktur, digitalisering og utdanning vil det byggjast eit 18 millionar sterk marknader som tiltrekkjer seg investorar som kan gi god økonomisk velferd for alle. Med eit mål om varig fred og velferd på Balkan, er Serbia forplikta til å forbetre regionalt samarbeid og til å bane den europeiske vegen saman med naboane sine.»

Ana Brnabić tiltredde statsministerrolla tidlegare i år. Før dette tok ho ei master i marknadsføring ved Hull University i Storbritannia, og ho har meir enn ti års erfaring frå arbeid med internasjonale organisasjonar, utanlandske investorar, lokalt sjølvstyre og offentleg sektor i Serbia. Brnabićhar motatt fleire prisar for utviklingsprosjekt ho har jobba med og for kampanjar rundt sosialt ansvarleg verksemd og toleranse.

Ordstyrar er seniorrådgivar på NUPI Karsten Friis.

Arrangementet er ein del av seminarserien "Noreg møter Europa".

Taler

Ana Brnabić
statsminister, Serbia
22 november 2017
13:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Europa
  • EU
  • Engelsk