Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Framtida til europeisk integrasjon: ei ny regjering for Tyskland – og for Europa

Michael Kaeding besøkjer NUPI for å snakke om Tysklands noverande rolle i det europeiske integrasjonsprosjektet og rolla til den nye regjeringa.
27 februar 2018
10:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Europa
  • EU
  • Engelsk

Det tyske valet har funne stad i ei tid med politisk uvisse og interne tvistar mellom fleire av EUs nøkkelmedlemmer. Vala i Europa i 2016 og 2017 har blitt mykje omtalt med eit omfattande fokus på nasjonalistiske tema i den politiske debatten.

I Tyskland kan Angela Merkel ha vunne ein fjerde periode som kanslar, men ho står overfor ein tøff veg framover. Sjølv om det tyske valet mest sannsynleg ikkje kjem til å utløyse ei krise for EU, vil partia i den neste styrande koalisjonen vere med på å forme Europas framtid. Dei foreslåtte reformene av EU frå den franske presidenten Emmanuel Macron, som skal føre til ein djupare integrasjon av Eurosonen og EU, er eit viktig døme på kva som kan bli påverka av resultatet av koalisjonsforhandlingane mellom sosialdemokratiske SPD og kristendemokratiske CDU. Reformideene til Macron kan sjå dagens lys viss SPD kjem til å vere ein del av Merkels koalisjon.

Michael Kaeding er professor for europeisk integrasjon og europeisk politikk ved Institutt for statsvitskap ved Universitetet i Duisburg-Essen, Tyskland. Han har fleire verv utanom dette, blant anna er han styreleiar for TEPSA (Trans European Policy Accosiation).

Ordstyrar er seniorforskar ved NUPI Pernille Rieker.

Arrangementet er ein del av serien Noreg møter Europa.

Seminaret blir strøymt live på NUPIs YouTube-kanal:

Taler

Michael Kaeding
Professor, Department of Political Science, University of Duisburg-Essen
27 februar 2018
10:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Europa
  • EU
  • Engelsk