Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Valdeleg ekstremisme og psykiske lidingar

I kva grad kan psykiske lidingar forklare terrorisme, og er det i så fall forskjell på den einslege aktøren og den gruppebaserte ekstremisten?
19 april 2018
09:30 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Terrorisme og ekstremisme
  • Engelsk

I dei seinare års terrorhendingar i Storbritannia har ein sett at einslege aktørar utgjer ein stadig større del av gjerningspersonane. Kva rolle speler mentale lidingar i slike hendingar? Og kan eit samarbeid mellom helsevesen og politi bidra til å forbetre kontraterrortiltaka?

Konsortium for forsking på terrorisme og internasjonal kriminalitet har invitert rettspsykiater Dr. Richard Taylor for å diskutere og problematisere denne tematikken. Han jobbar for tida i eit kontakt- og avleiingsteam for psykisk helse, som er eit felles initiativ mellom nasjonale helsestyresmakter og antiterrorpolitiet i Storbritannia. Taylor har stor erfaring med psykiatrisk vurdering av valdelege ekstremistar og jobbar for tida med risikovurdering, og med terrorisme og ekstremistrelatert arbeid i Storbritannia. På dette arrangementet deler han eit psykisk helse-perspektiv med innsikt frå arbeidet hans på dette området med både einsame aktørar og gruppebaserte ekstremistar. Taylor vil trekkje fram tilfelle som viser rolla psykisk liding i desse formene for valdeleg ekstremisme har, og vil ta opp problem som er relevante for forskarar og andre som jobbar med dette.
 
Dr. Richard Taylor er rettsmedisinsk psykiater ved North London Forensic service og i Prevent Liaison and Diversion team ved Counter Terrorism Command. Han har lang erfaring med vurdering og behandling av psykisk forstyrra kriminelle, risikovurdering, terrorisme, og grensesnittet mellom helsetenestene og strafferetten.

Ordstyrar er seniorforskar på NUPI, Rita Augestad Knudsen.

Taler

Richard Taylor
rettspsykiater, North London Forensic service og ved Prevent Liaison and Diversion team at Counter Terrorism Command
19 april 2018
09:30 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Terrorisme og ekstremisme
  • Engelsk