Hopp til innhold
NUPI skole

Russisk nasjonalisme på frammarsj

Nasjonalisme pregar i stadig større grad det russiske samfunnet. NUPI-forsker Helge Blakkisrud og Pål Kolstø (UIO) ser nærmare på fenomenet i ny bok.
Bildet viser Vasilijkatedralen

SER TIL HISTORIA: For å forstå russisk nasjonalisme i dag, må ein ta eit steg tilbake i tid, forklarar NUPI-forsker Helge Blakkisrud.

Foto: Mariano Mantel/Creative Commons/CC BY-NC 2.0

SER TIL HISTORIA: For å forstå russisk nasjonalisme i dag, må ein ta eit steg tilbake i tid, forklarar NUPI-forsker Helge Blakkisrud.

Foto: Mariano Mantel/Creative Commons/CC BY-NC 2.0

Mens uttrykket nasjonalisme her i landet gjerne førar tankane mot den ytterleggåande høgresida i politikken, handlar forsøket på å skape ein ny, russisk nasjonalisme om noko ganske anna.

- Kreml fremmar ein sentrumsorientert, «inkluderande» nasjonalisme. Det finst sjølvsagt også aktørar som er forkjemparar for ein meir reindyrka etnisk russisk nasjonalisme, fyrst og fremst på yttarste Høgre, men også blant dei liberale, vestvende. Aleksej Navalnyj, som i Aftenposten gjerne blir omtalt som Putins erkefiende, er eit eksempel på ein etnonasjonalist innanfor den liberale leiren, fortel seniorforskar Helge Blakkisrud ved NUPI

Han og Pål Kolstø, professor i Russlandsstudiar ved Universitetet i Oslo, er redaktørar for den ferske boka «New Russian Nationalism», kvar leiande ekspertar undersøkjer russisk nasjonalisme som politisk, sosialt og intellektuelt fenomen. Boka er eit resultat av forskingsprosjektet NEORUSS, og kan lesast i ope tilgjengeleg format her.

Vil du ha ein introduksjon til nasjonalisme i Russland på to minutt? Sjå Helge Blakkisrud forklare her:


Seinka reaksjon

I dag handlar den russiske nasjonalismen i stadig større grad om etniske problemstillingar, mens den tidlegare blei dominert av såkalla «imperiale» tendensar.

- For å forstå russisk nasjonalisme, er det lurt å begynne med å ta eit skritt tilbake. Vi snakkar gjerne om to typar nasjonal identitet: Ein er knytt til etniske grupper, ein annan til identifikasjon med ein gitt stat. Du kan for eksempel både identifisere deg som pakistanar og som norsk statsborgar. I sovjettida fanst det ein sovjetisk identitet som knytte all unionen sine borgarar saman, men myndigheitene kravde også at alle hadde ein etnisk identitet. Sistnemnde blei registrert i innanrikspasset og var umogeleg å endre - du blei registrert med same identitet som foreldra dine. Det var eit klart skilje mellom desse identitetane, forklarer Blakkisrud.

Då Russland blei sjølvstendig i 1991, vidareførte dei dette skilet.

- På russisk har ein to ord som begge blir omsette som «russisk» på norsk: «russkij» og «<rossijskij». Det fyrste er knytt til russisk etnisitet, det andre til den russiske staten. Etter 1991 tok ein utgangspunkt i det siste av desse to omgrepa og konstruerte ein ny statsborgarleg identitet, «rossijanin».

- I boka freistar eg å argumentere for at det vi no ser er ein seinka reaksjon på Sovjetunionens oppløysing: mens dei andre tidlegare sovjetrepublikkane umiddelbart slo inn på etnisk nasjonsbygging, vidareførte Kreml den sovjetiske todelinga. Rossijanin-identiteten slo likevel aldri heilt rot. Etter at Putin igjen blei president i 2012 har han derfor fronta ein prosess kvar skilet mellom dei to ulike typane identitet gradvis blir viska ut, og kor vekta ligg på eit verdibasert fellesskap bygt opp rundt russisk språk, kultur og historie, forklarer Blakkisrud.

Ein ny identitet

Blakkisrud skildrar ein vekselverknad mellom grasrota og myndigheitene i det multietniske Russland, der den russiske etnonasjonalismen i stor grad er blitt drive fram nedenfra, men der Kreml i den seinare tida har teke til seg og brukt noko av grasrota sin retorikk.

- Som statsleiar ønskjer Putin breiast mogeleg oppslutning om statsprosjektet sitt, seier han.

Etter demonstrasjonane i Moskva og andre større byar i etterkant av parlamentsvalet i 2011, der det blei klart at delar av middelklassa hadde vendt han ryggen, valde Putin ifølgje Blakkisrud å appellere til russarane si nasjonalkjensle og å gi det etnisk russiske ein større plass innanfor den tradisjonell multietniske og multikonfesjonelle statsborgarlege identiteten.

- Konstruksjonen Kreml freista å få på plass på 1990-talet for å erstatte «sovjetfolket» viste seg å ikkje vere liv laga. Særleg i dag, der russiske styresmakter kjenner seg kringsat av fiendar, er det viktig å skape nasjonalt samhald. Då fungerer eit frieri til det etnisk russiske bra.

Faremoment

Sjølv om den nye russiske nasjonalismen/nasjonale identiteten er fleksibel og inkluderande, omfattar den ikkje alle.

- Dermed kan den føre til motmobilisering i føderasjonen sine ytterkantar, kor du har republikkar med ei kompakt muslimsk befolkning. Vil dei kjenne seg igjen som «<russkij»? Nei. Vil etniske russarar akseptere dei som det? Nei, seier Blakkisrud.

- Særleg i Nord-Kaukasus er det utfordringar. Sjølv om denne regionen har vore ein del av Russland sidan 1800-talet, blir dei etniske oppfatta gruppene som held til her som kulturelt framand og vanskelege å assimilere inn i fellesforståinga av det russiske.

- Kva negative konsekvensar kan den nye russiske nasjonalismen føre med seg?

- Du treng jo ein viss grad av patriotisme, oppslutning om og identifikasjon med staten. Spørsmålet er kor sterk brodd denne har mot grupper innanfor eigen stat og omverda. Kor mykje av patriotismen som er driven av framandfrykt og kor mykje som er drive av kjærleik til eigne. Overførd til staten sin politikk blir det eit spørsmål om korleis ein bruker nasjonalisme og nasjonal identitet: til samhald internt, til undertrykking av eigne minoritetar, eller til å rettferdiggjere territoriell ekspansjon og revansjisme.

Temaer

  • Russland og Eurasia
  • Styring