Photo: Ane Teksum Isbrekken, NUPI

SEMINAR: Direktør for European Union Institute for Security Studies, Antonio Missiroli, Zuzanna Nowak ved Polish Institute of International Affairs (PISM), Emily Cox ved University of Sussex og statssekretær Tore Hattrem i UD var nokre av deltakarne på NUPIs rundebordseminar om energitryggleik i februar.

Energitryggleik – både mål og middel

Publisert: 1. mars 2016

EU lagar ein ny global strategi for utanriks- og tryggingspolitikk. I februar organiserte NUPI og EUISS eit seminar for å gi innspel om energitryggleik i Nord-Europa og Baltikum.

Energitryggleik er ein viktig, men kompleks, dimensjon av EU sin globale strategi. Etter EU-utvidinga i 2004, endra det politiske landskapet i den baltiske regionen seg med omsyn til energi og energitryggleik.

Også den væpna konflikten i Ukraina har sat energitryggleik og tryggleik generelt høgt på den europeiske politiske agendaen.
EUISS (European Union Institute for Security Studies) har ansvaret for ei rekkje arrangement som skal gi innspel til EU sin globale strategi for utanriks- og tryggingspolitikk, og bad NUPI om å arrangere ein av desse – om energitryggleik.

Fruktbart og interessant

Forskingsprofessor Jakub Godzimirski har jobba med russisk utanriks- og tryggingspolitikk på NUPI i over to år, spesielt med vekta av energiressursar i strategien til Russland. Godzimirski skildrar rundebordseansen som fruktbar og interessant.

Nokre av spørsmåla som blei stilt på arrangementet var: Kva bør liggje i omgrep energitryggleik? Korleis endrar regional energidistribusjon og energipolitikk graden av energitryggleik i

Nord-Europa og Baltikum – og i dei einskilde landa her? Korleis samarbeider aktørane om utfordringar om energitryggleik? Korleis vil den nye energiunionen påverke tiltak for energitryggleik?

Ulike forståingar

- Forskjellige aktørar forstår energitryggleik ulikt, avhengig av aktøren sin plass i energiverdikjeda. Energiimportørar har ein tendens til å vere oppteken av tryggleik for leveransar, mens produsentar og eksportørar er meir interesserte i tryggleik for etterspørsel, seier Godzimirski, og fortset:

- I tillegg til desse tilbydarane og importørane sine perspektiv er det også viktig å hugse den strategiske energidimensjonen. Dette kan vere som eit mål i seg sjølv, som i EU sitt tilfelle, kor unionen må importere over 50 prosent av eigenprodusert energi. Det kan også vere eit instrument, som for eksempel blir brukt av Russland for å oppnå andre mål som ikkje har noko med energi å gjere, eller som i Noreg sitt tilfelle, kor inntekter frå energi blir brukte som eit middel for å oppretthalde velferdssystemet sitt og sikre velferd til komande generasjonar.

Hovudtalarar på rundebordseminaret var direktør Antonio Missiroli ved EUISS, Direktør Ramonas Vilpišauskas frå IIRPS ved Universitetet i Vilnius, Zuzanna Nowak frå Polish Institute International Affairs (PISM), Jakub Godzimirski frå NUPI og Emily Cox frå University Sussex. Seminaret blei leia av NUPI-direktør Ulf Sverdrup.

Eit viktig tema var kvarvidt Noreg burde anses som ein ekstern eller intern tilbydar av energi til EU og kva konsekvensar dette kan ha for Noreg sitt forhold til tlbydare av energi og energiimportørar.

Tydinga av gass

Diskusjonen på seminaret dreia seg i hovudsak om gassen si rolle i europeisk energitryggleik. Denne delen av arrangementet var underlagt såkalla Chatham House-reglar. Det vil seie at informasjonen som kjem fram kan vidareformidlast av dei som var til stades, men at kjelda til informasjonen ikkje skal identifiserast.

Direktør Ulf Sverdrup ved NUPI er fornøgde med både presentasjonane og den følgjande diskusjonen.

- Ved å organisere arrangement som dette, med akademisk kvalitet og politisk relevans, skaper vi ein møteplass for viktige aktørar, seier han.

- Vi kjenner også at timinga for arrangementet var spesielt bra. EU førebur den globale strategien sin. Energitryggleik er eit viktig tema, og det same er forholdet mellom Noreg og dei baltiske statane, avsluttar Sverdrup.