Hopp til innhold
HHD13_14EgyptFront

Egypt - tilbake til start

Teikning: politicalcartoons.com

Egypt: på kanten av stupet?

To år etter den «arabiske våren» kan det sjå ut som om Egypt nå er tilbake ved start. Dei militære sit igjen ved makta, demonstrantar blir skotne i større tal enn under det gamle styret, og opposisjonelle blir fengsla.

Personer

Knut S. Vikør
er professor ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap, UiB.
  • Kven er aktørar i den egyptiske maktkampen?
  • Kva står aktørane for?
  • Kva har eigentleg skjedd?
  • Har revolusjonen i Egypt lidd nederlag?

Aktørane

Dei revolusjonære som i 2011 sto skulder ved skulder bak kravet om at det gamle styret måtte bort, var eigentleg ein allianse av ganske ulike politiske krefter. Alle gjer dei krav på «arven frå revolusjonen» sjølv om dei nå står på kvar si side i ein bitter Konflikt - stridens kjerne .

Det tydelegaste skillet går mellom Islamister som ønsker at religionen skal få større plass i politikk og samfunn, og dei «liberale» som ikkje gjer det. 

ISLAMISTAR. Mellom islamistane må vi skilje mellom to retningar: 

  • Det muslimske brorskapet, som har vore forbode i nesten alle sine åtti år. Det har ein sterk og disiplinert, landsomfattande organisasjon, klart den best organiserte rørsla i landet med kanskje ein million medlemmer. Sidan 1970-talet har Brorskapet satsa på fredeleg parlamentarisk arbeid og vunne støtte m.a. gjennom å drive sosial velferd.
  • Dei meir konservative salafistane (se fakta), som fram til 2011 vende ryggen til politisk arbeid og berre fokuserte på misjon for «rett praksis» mellom dei truande. Etter revolusjonen skifta dei meining og kasta seg inn i politikken med fleire ulike parti.

   
LIBERALE. Dei vi kallar liberale, eller «ikkje-islamistane», er minst like samansett. Dei omfattar sosialistar og sosialdemokratar, nasseristar (jf tidlegare president Nasser), tradisjonelle liberalarar og fleire som hadde verv i det gamle Mubarak-styret, men hoppa av det i tide. I denne gruppa finn vi også nokre islamske grupper som har brote med Brorskapet og folk frå den koptisk kristne minoriteten. Nokre av desse liberalarane kallar seg « Sekulær - verdslig », dei fleste vil ikkje gå så langt.

Første steg mot demokrati

Då president Mubarak blei pressa til å gå av 11. februar 2011, var det etter massive protestar der liberale, ungdommar og Brorskapet sto saman. Den direkte årsaka til avgangen var likevel at dei militære leiarane pressa han ut. Det gamle styret var i kjernen militært med eit sivilt dekke, det hadde vore jamlege val og fleire opposisjonsparti, men berre Mubarak kunne vinne vala. Dei militære sat såleis med makta bak kulissane. Etter Mubaraks fall steig dei fram og tok over som eit «Høgare militærråd».

HHD13_14FacebookEgypt

Facebook har vore viktig i mobiliseringa til demonstrasjonar i Egypt.

Foto: Creative commons

Det viktige for dei militære var å trygge sine store økonomiske interesser, og korkje islamistane eller dei liberale har turt å utfordre desse privilegia. Militærrådet opna derfor for ein demokratisk prosess der alle politiske krefter, også islamistane, deltok. Det blei halde parlamentsval i januar 2012. Brorskapets nye «Fridoms- og rettferdsparti» blei som venta størst med 35 prosent av røystene.

Men resten kom som eit sjokk: Dei liberale og venstreorienterte partia blei nesten utsletta med berre 20 prosent til saman. Den store vinnaren var dei som få månader før hadde sagt at politikk var noko ureint: salafistane.  Dei fekk 25 prosent og utgjorde dermed saman med Brorskapet eit stort fleirtal i den nye nasjonalforsamlinga.

Denne forsamlinga fekk likevel ei kort levetid. Ho hadde knapt komme saman og fått nedsett ein kommisjon til å utarbeide ny grunnlov som så skulle legge basis for nye val. Då greip Grunnlovsdomstolen inn. Den erklærte parlamentsvalet ugyldig og oppløyste nasjonalforsamlinga, ut frå ei usemje om eit mindre punkt i den gamle vallova.

Brorskapet ved makta?

Då var det langt viktigare presidentvalet alt i gang. Også her blei det lagt grenser for kven som fekk stille opp. Dei tre fremste kandidatane blei utestengde av formelle grunnar, mellom dei den einaste kjente salafist-kandidaten, Abu Ismail, men også Brorskapets Khayrat al-Shatir, dei militæres Omar Sulayman og fleire andre.

Brorskapet hadde likevel stilt opp ein «reservekandidat», parlamentarikaren Muhammad Mursi. Han fekk flest røyster i første valomgang, mens dei ikkje-religiøse var delt mellom fem-seks kandidatar. Samla oppnådde dei nær halvdelen av røystene, men ingen av dei meir enn Mursi (25 prosent) og den militærvennlege Ahmad Shafiq (23 prosent). Desse to gjekk derfor vidare til andre omgang i juni 2012, der Mursi vann med rundt 52 prosent.

Dermed hadde Brorskapet, som året før hadde sagt at dei korkje ville søke fleirtal i parlamentet eller presidentstolen, vunne begge delar og sto på sitt høgste. Men sidan gjekk det jamt nedover, før Mursi altså blei fjerna med makt eitt år etter. Kva var det som gjekk gale, og kvifor? 

HHD13_14Morsi

Morsi vann presidentvalet i 2012.

Foto: Creative commons

Det viktigaste problemet var økonomien. Egypt hadde vore vanstyrt under Mubarak, dominert av ein korrupt klasse av leiande militære og rikfolk. Arbeidsløysa var skyhøg og det var ofte mangel på vanlege forbruksvarer. Opprøret i 2011 var derfor både eit politisk
og eit sosialt opprør, og dei fleste såg det som same ting: Når berre den korrupte klikken til Mubarak var borte, så ville alt rette seg raskt – folk ville få arbeid og fattigdommen forsvinne. Håpa var klart heilt urealistiske, og uroa rundt opptøyane og skepsis hos investorar gjorde tvert om at økonomien stansa endå meir opp.

Den nye presidenten fekk skulda for det, tildels urettvist, men han gjorde lite konkret for å rette opp det økonomiske uføret. Egypt forhandla med Det internasjonale pengefondet (IMF) om lån, men IMF forlangte strukturreformar som ville ført til sosial uro, slik som å fjerne subsidiane på forbruksvarer som brød og bensin. Allereie Militærrådet hadde derfor stansa forhandlingane, og Mursi tok dei heller ikkje opp att. Gulflanda (Saudi-Arabia Bahrain, Dei sameinte arabiske emirata, Kuwait, Oman, og Qatar ) kom inn med store støttebeløp, men folk flest følte likevel at dagleglivet var blitt verre, ikkje betre.

Politisk kaos

Mest merksemd fekk likevel det politiske kaoset. Brorskapet jubla over at dei etter åtti år var komme til makta, mens dei liberale frykta å bli overskygga av den mektige partnaren. Samarbeidet skar seg, samtidig som salafistane spilte sine kort langt betre og la seg tett opp til Brorskapets politikk.

I staden for ei brei samling over sentrum mellom Brorskapet og dei liberale, fekk vi derfor meir og meir ei todeling – ei polarisering. Der står Brorskapet og salafistane på ei side, mens dei liberale kom i ufruktbar og stadig bitrare opposisjon til styret. Det kom tydeleg fram i arbeidet med ny grunnlov. Brorskapet meinte at grunnlova måtte bli prega av det synet folket hadde gitt fleirtal i vala, mens dei liberale meinte at grunnlova måtte gi lik vekt til alle utan omsyn til eit enkelt valresultat. Salafistane pressa på, og sjølv om Brorskapet heldt igjen mot deira mest ytterleggåande forslag, blei det for mykje for dei liberale som trakk seg frå grunnlovsarbeidet.

HHD13_14Egypt-polarisering

Egyptarane er blitt eit splitta folk etter år med politisk strid. Til v: Demonstrasjon mot Morsi (nov 12), til h: tilhengarar demonstrerer i aug 13.

Foto: Creative commons

Forslaget til slutt var nok mest ein revisjon av den eksisterande lova frå 1971, men særleg salafistane presenterte ho som at «Egypt har nå fått ei sharia-grunnlov». Dei liberale gjentok dette i sine angrep, sjølv om det berre var eit par tvetydige setningar som eigentleg hadde blitt endra om shariaen i den nye lova.

Denne mangelen på politisk samarbeid med dei liberale kreftene var heilt klart Brorskapets største feil. Dei oversåg at Egypt fortsatt var i ein overgangsfase, enn så lenge utan grunnlov, utan fungerande parlament, og med uferdige institusjonar. I 2011 forsto dei det, og understrekte det tverrpolitiske samarbeidet, men året etter var det gløymt. Dei tilbaud opposisjonen plass i regjeringa, men berre på mindre postar mens dei sjølve skulle ha alle dei viktige ministeria, noko som blei avvist. Dei skifta ut fleire av Mubaraks folk i administrasjonen, men sette inn enten teknokratar eller sine eigne folk, aldri nokon frå opposisjonen. Dermed skapte dei inntrykk av å ville monopolisere makta til seg sjølv – av ville å «brorskapisere» staten.

Den djupe staten

Mursi kom også i skarpare konflikt med fleire i statsapparatet, som i hovudsak var uendra frå Mubaraks tid og heldt fram som før. Brorskapet kalla dette for «den djupe staten» og anklaga dei for aktivt å ville sabotere revolusjonen. Det var påfallande at politiet, som var sterkt skandalisert etter Mubarak-styret, forsvann heilt frå gatene, og det førte til ein kraftig vokster i kriminalitet og sosial uro. Med det bidro politiet til å undergrave Mursi-styret.

Skarpast var likevel konflikten med domstolane, som søkte å spille ei politisk rolle både ved å oppløyse parlamentet og gjere fleire forsøk på å begrense presidentens makt gjennom ulike pålegg. Det var i den samanhengen at Mursi gjorde sitt mest skjebnesvangre grep to veker før den nye grunnlova skulle til folkerøysting: Han erklærte at hans vedtak sto over domstolane og ikkje kunne settast til sides av dei, før den nye grunnlova var trådt i kraft to veker seinare. Det var altså berre meint som ei tidsbegrensa fullmakt som skulle hindre domstolen i å stanse folkerøystinga og dermed grunnlova. Akkurat dette eine vedtaket framsto likevel «for alle» som sjølve beviset på at Mursi nå hadde oppkasta seg til diktator og sett demokratiet til sides. Han trekte raskt erklæringa tilbake, men skaden var allereie gjort. 

HHD13_14Egypt_unntakstilstand

Område i Egypt med unntakstilstand i august.

På forsommaren 2013 skjerpa så tonen seg skarpt. Den nye alliansen av Brorskapet og salafistar kom med fleire lovframlegg som dei liberale oppfatta som forsøk på islamisering av samfunnet. Samtidig blei tonen skjerpa mot dei religiøse minoritetane.Dei kristne og dei få sjiaene i Egypt blei utsette for ulike angrep. Dei liberale reiste motstand, og ei ungdomsrørsle, Tamarrud, kravde at Mursi måtte gå av. Ifølge dei skreiv over tretti millionar under på dette, og 30. juni, årsdagen for maktskiftet, blei det arrangert massive demonstrasjonar.

Igjen skal det ha vore titalls millionar i gatene – tala lèt seg ikkje bekrefte, men det var utan tvil store folkemengder. Mursi nekta, men ganske overraskande greip hærleinga inn tre dagar seinare, avsette Mursi og utnemnte ei overgangsregjering. Brorskapet samla på si side til store og langvarige demonstrasjonar for at Mursi måtte gjeninnsettast. Mange hundre blei  drept i dei samanstøyta med militære og politi som følgde i vekene etter.

Var det eit kupp?

Det har vore stor usemje om det er rett å kalle avsettinga av Mursi eit «kupp». Dei som støttar maktskiftet, meiner dette er feil ordbruk. Dei meiner dei militære berre «følgde folkets vilje» uttrykt gjennom dei store protestane. Motstandarane peiker på at dei militære hadde tatt makta frå ein folkevald legitim president.

Begge har nok delvis rett, i vanleg språkbruk er det kupp når dei militære tar makta, enten det er frå ein folkevald eller diktatorisk president. Men det er også rett at protestane mot det gamle styret var ekte og omfattande, slik at det var ein kombinasjon av eit militært initiativ og eit folkeleg opprør.

«Folket» i Egypt er utan tvil ikkje samstemt, både Brorskapet og dei militære har stor støtte utover landet. Dei liberale er delt, hos mange er det nå ei hatsk stemning mot Brorskapet som «stal deira revolusjon» med krav om at dei må forbys. Andre, nok i mindretal, er uroa over valden og over at dei militære ser ut til å feste grepet i eit styre med same middel som under Mubarak. Salafistane var delt i synet på kuppet, men er samstemt i kritikk av valdsbruken.

Utviklinga framover er derfor uviss. Egypt er sterkt polarisert mellom «Brorskapet» og «hæren». Ein demokratisk prosess der begge er med, er nå vanskeleg å tenke seg. Uroa vil vare ved og i verste fall gi grobotn for islamske geriljagrupper som på 1990-talet. Truleg vil ikkje leiinga i Brorskapet sjå seg tent med det. I ein slik kamp vil dei tape det som er vunne i dei siste førti–femti åra, men dei kan bli overkjørt av meir radikale straumdrag.

Spørsmålet er om egyptarane er villige til å gå tilbake til eit militærstyre med ein ny sterk mann. Den nye statsleiaren, hærleiar al-Sisi er, i motsetning til Mubarak, rekna som ukorrupt og er enn så lenge populær i vide kretsar. Men truleg vil heller ikkje han kunne løyse dei økonomiske og sosiale problema som folk dømmer styret etter. Og i dei to siste åra har egyptarane lært at det går an å gå ut i gatene og krevje at dei som ikkje innfrir, må gå av. Dei liberale må velje om, og kor lenge dei vil hekte si vogn til det militære, og salafistane må finne ut om dei er mest tent med å gå på barrikadane med Brorskapet, eller å prøve å arve deira religiøse stemmebasis. Det er fare for at det kan gå år før dette finn si løysing.

HHD13_14Sisi

Egypts sterke mann og militære leiar, al-Sisi.

Foto: Creative commons

Temaer

  • Midtøsten og Nord-Afrika
  • Konflikt
  • Menneskerettigheter
  • Styring

Personer

Knut S. Vikør
er professor ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap, UiB.

Fakta

Muslimske hovedretninger og radikale undergrupper

Sunniislam og sjiaislam er de to store trosretningene innen islam. I de siste årene har mediene fokusert på en rekke mindre retninger også – oftest radikale – som delvis har basis i de store og utgår fra disse. Noen av dem er:

  • Salafister – sterkt troende og strengt praktiserende sunnimuslimer som forsøker å leve slik de første generasjoner av muslimer gjorde, før islam tok opp i seg fremmede elementer og ble mer “utvannet”. Noen (jihadistiske – hellig krig) salafister ønsker væpnet kamp mot vantro eller korrupte stater.
  • Sufister – tilhengere av sufismen som er en fellesbetegnelse for islamsk mystisisme og brukes på både sjia- og sunnimuslimske grupperinger. Et flertall av sunnimuslimer regner sufisme som en del av sunni-islam. Sufister legger generelt større vekt på det indre åndelige aspektet ved religiøsitet enn etterlevelse av religiøse regler.
  • Wahhabitter – tilhengere av wahhabismen, en radikal islamsk retning innenfor sunni-islam og bevegelse stiftet på 1700-tallet av Mohammed Abd al-Wahhab. Statsideologi i Saudi-Arabia.

Kilder: http://www.landinfo.no/asset/1121/1/1121_1.pdf, wikipedia.no, landinfo.no