Etter dei tragiske terrorangrepa i USA den 11. september 2001 har
verdas auge vore retta mot amerikanske gjengjeldingsaksjonar i
Afghanistan. USA har til ein viss grad vore avhengig av støtte frå
Sentral-Asia for å iverksette militæroperasjonane. Dette har igjen sett
sterkare fokus på kva for utfordringar dei sentralasiatiske landa står
overfor innanriks- og tryggingspolitisk.