Etter nesten 35 års forvising kan folket frå Diego García kanskje endeleg
vende tilbake til øya dei kom frå. I alle fall var dette avgjerda ved ein
britisk domstol i november 2000. I dag er den britiske kolonien like ved
Mauritius ein av USAs viktigaste flybasar. I desember i fjor blei eit liknande
krav mot USA lagt fram for ein føderal domstol i Washington. No håper
dei 6000 fordrivne innbyggjarane at dei også skal vinne den rettssaka.