Konflikten i Nord-Uganda har vart i snart tjue år og drive
nesten to millionar menneske på flukt. Ifølge FN har vi her
å gjøre med ein av verdas mest alvorlege konfliktar. Ei løysing
krev politisk vilje og handlekraft i Uganda og eit sterkare
engasjement frå det internasjonale samfunnet.