Sommaren 2005 blei toppmøtet mellom leiarane for verdas mektigaste land
(G8-landa) vigd stor merksemd i media verda over. Møtet verka som flugepapir
på titusenar engasjerte demonstrantar frå ein rik flora av ikkje-statlege,
internasjonale grasrotorganisasjonar. Store politistyrkar måtte til for
å halde demonstrantane på avstand. Over heile verda trakk kjende popartistar
hundretusenar til konsertar, fleire millionar i alt. Statsleiarar,
demonstrantar og popartistar hadde felles tema: miljø, gjeld, handel
og bistand. Etter møtet kunne den stolte verten for toppmøtet – den britiske
statsministeren Tony Blair – hevde at viktige resultat var oppnådde.
Aktivistane påsto derimot at bidraget var for lite og kom for seint.