15. august 2007 fylte India seksti år.Dagen blei markert med festtaler og
store paradar. «Vi er ein ung nasjon, og det beste ligg enno framfor oss!»
erklærte statsminister Manmohan Singh. Andre uttrykte seg på samme
vis, men åtvaringane var også mange. Same år voks den indiske økonomien
med vel ni prosent, og utsiktene for 2008 er også gode. Mange
omtaler landet som «eit nytt Kina». Til saman har dei to gigantane 2,5
milliardar innbyggarar. Lykkast dei, vil mye vere vunne i kampen mot
armoda i verda. Mislykkast dei, vil det få alvorlege globale verknader.
Derfor angår India og Kina også oss. 2008: skjermversjon (inkl. pdf)