Bolivia: Eliten gjør opprør

Publisert: 21. Sep 2008

I Bolivia har regjeringa under presidenten, urfolksaktivisten og bondeleiaren Evo Morales sett i gang omfattande omfordeling av økonomiske ressursar, jord, og politisk makt. No slår eliten tilbake. Med krav om regional autonomi (indre sjølvstyre) har dei opposisjonelle guvernørane erklært politisk krig mot regjeringa og dei grasrotbaserte urfolksorganisasjonane regjeringspartiet er forankra i.
 

  • Kva kjenneteiknar endringsprosessane i Bolivia?
  • Kva slags konflikt er det som utspelar seg i landet?
  • Går det mot borgarkrig?

2: Regimeskifte

I desember 2005 kom Evo Morales og sosialistpartiet Movimiento al Socialismo (MAS) i regjeringsposisjon. Presidentvalet var frå eit demokratisk perspektiv historisk. Med Morales fekk Bolivia sin første president med urfolksbakgrunn. Sjølv om 60–70 prosent av den bolivianske befolkninga identifiserer seg som urfolk, har ingen av dei bolivianske presidentane før 2005 identifisert seg som urfolk.

Med 54 prosent av stemmene blei Morales også den første direkte valde presidenten i Bolivia. Alle presidentane frå det første demokratiske valet i 1982 til 2005 fekk mindre enn 50 prosent i første valrunde. Sist, men ikkje minst, var valdeltakinga historisk høg. Om lag 85 prosent brukte røysteretten sin.

Presidentvalet representerte eit kursskifte i boliviansk politikk. MAS-regjeringa med Morales i spissen, føyer seg inn i rekka av venstreorienterte regjeringar som har prega delar av Latin-Amerika dei siste åra. Morales kom til makta med lovnad om å forbetre situasjonen for fattige urfolk som har vore utestengde frå politisk og økonomisk makt heilt sidan spanjolane koloniserte landet i 1533.

Morales kjem sjølv frå fattige kår og var ein av dei mange som flytta til dalføret Chaparé for å dyrke kokablad etter at gruvene i høglandet blei privatiserte og tusenvis av gruvearbeidarar blei utan arbeid. Kokablad som tradisjonelt er blitt nytta som te i heile Andesregionen og har same funksjon som kaffi, ga på 1980-talet gode prisar på den nasjonale marknaden. Det var derfor lønsamt å dyrke kokaplanten.

Det tok imidlertid ikkje lang tid før arbeidssituasjonen til arbeidsmigrantane atter ein gong blei trua. Sidan kokabladet er ein sentral ingrediens i narkotikumet kokain, kom det harde restriksjonar på dyrking av kokaplanter utover på 1980-talet. Amerikanskstøtta halvmilitære tok til å patruljere regionen og slo hardt ned på vidare dyrking av det grøne bladet.

Kokabøndene organiserte seg i den nasjonale bondeorganisasjonen Confederación Sindical Única de Trabajadores y Campesinos Boliviana (CSUTCB). Denne organiserer fattige urfolkbønder i heile landet og står i sterk allianse med andre bolivianske grasrotorganisasjonar, som kvinneorganisasjonen Bartolina Sisa og urfolksorganisasjonen Confederación de Pueblos Indígenas de Bolivia (CIDOB).

Då det blei opna for demokratiske val av kommunale myndigheiter på 1990-talet, etablerte Morales MAS med basis i denne bonderørsla. Morales var leiar for kokabøndene si foreining, og det nye partiet fekk stor støtte blant småbøndene. MAS profilerte seg som partiet for dei marginaliserte (utestengde), og etter kvart fekk MAS status som eit parti for urfolk og fattige. Sidan fleirtalet av befolkninga lever i fattigdom låg det eit enormt potensial i partiprosjektet.

3: Omfordeling av ressursar

Bolivia er prega av ekstrem ulikskap. Den rikaste tidelen rår over 47 prosent av BNP medan den fattigaste tidelen ikkje har meir enn 0,3 prosent. Berre eit fåtal afrikanske land kjem dårlegare ut i forhold til ulikskap enn Bolivia. Sidan presidentvalet i 2005 har regjeringa sett i verk ei rekke reformer med mål om omfordeling.

Ei av dei mest omstridde politiske endringane er nasjonaliseringa  av gassressursane. I Bolivia har nasjonaliseringa tatt form av auka statleg kontroll med sektoren; regjeringa har ikkje ekspropriert eigedom. Med auka kontroll over ressursen har regjeringa framforhandla betre prisar på gass og auka skattenivået betrakteleg. Rågass er landets viktigaste eksportvare.

Ved å auke skattlegginga av dei utanlandske gasselskapa frå 18 til over 50 prosent, har regjeringa skaffa betydeleg større inntekter til offentlege budsjett. Samanlikna med skattelegginga på olje- og gassektoren i andre land, som i Norge der oljeselskapa blir skattlagde med opptil 90 prosent, er skattenivået i Bolivia fortsatt lågt.

Etter mange år med underskot i statsbudsjettet går den bolivianske staten no i overskot. Stordelen av skatteinntektene frå gassektoren går til helse og utdanning gjennom kommunale og fylkeskommunale myndigheiter. Under det førre regimet gjekk desse skatteinntektene utelukkande til dei fylka der gassen ligg, medan skatteinntektene under det nye regimet også går til andre regionar. I eit land der 13 prosent av den vaksne befolkninga er analfabetar og 6 prosent av befolkninga dør før dei fyller 5 år, er investeringar i helse og utdanning eit sentralt utviklingsmål.

Eit av dei andre store politiske prosjekta til det nye regimet er omfordeling av jord. Den dyrkbare jorda er svært skeivt fordelt i Bolivia. 85 familiar eig til saman 64 prosent av jorda. Storparten av jordeigarane er mestisar og kvite. Dei siste åra er det avslørt slaveliknande forhold i det søraustlege låglandet der bøndene driv eksportjordbruk. Tusenvis av guaraníindianarar har arbeidd under dårlege forhold utan lønn for dei store jordeigarane. I 2006 blåste regjeringa liv i ei gamal jordreform med mål om å omfordele jord som ikkje er i bruk. Prosjektet er no på kartleggingsstadiet.

Kva kjenneteiknar president Morales etnisk og politisk?

4: Eliten går til opprør

Ikkje alle støttar opp om reformene til MAS-regjeringa. Morales får kritikk både frå venstre og høgre. Det er imidlertid høgresida i det ressursrike låglandet som har mobilisert kraftigast mot dei politiske endringane, og fylkeskommunen Santa Cruz (sjå kart) står fram som den mest høgrøysta opposisjonsregionen. Med godt jordsmonn og gunstig klima er Santa Cruz-regionen den fremste jordbruksregionen i landet.

Gjennom tiår har bønder i Santa Cruz fått statsstøtte for å bygge opp eit eksportretta jordbruk. Fylket er også rikt på andre ressursar, mellom anna naturgass. Nest etter nabofylket Tarija har Santa Cruz dei største gassreservane i landet. Desse forholda har gjort Santa Cruz til det økonomiske sentrumet i Bolivia, heile 40 prosent av skatteinntektene til staten kjem frå denne regionen. Santa Cruz er nest etter La Paz det mest folkerike fylket i Bolivia, og stadig fleire flyttar til. Regionen husar store delar av den økonomiske eliten i Bolivia.

Fram til presidentvalet i 2005 sto den økonomiske eliten – organisert gjennom høgrepolitiske parti, næringslivsorganisasjonar og sivilsamfunnsorganisasjonen Comité Pro Santa Cruz (CPSC) – i allianse med sentrale styresmakter. Dei hadde sine representantar i regjering og departement og fekk økonomisk og politisk støtte frå sentralt hald.

Ein stor del av statlege midlar blei kanaliserte til denne regionen frå 1960-talet og framover. Dei finansielle ressursane som blei investerte i regionen kom frå utanlandske lån og frå skatteinntektene frå gruvene i høglandet.

Då debatten om nasjonalisering av gassressursane kom opp og meiningsmålingar tyda på at det venstreorienterte MAS-partiet ville vinne presidentvalet, skifta eliten i Santa Cruz strategi frå å påverke nasjonale styresmakter til å kjempe for regional autonomi. Næringslivsorganisasjonen i regionen braut seg laus frå den nasjonale hovudorganisasjonen og større ressursar vart investert i CPSC.

Etter at Morales tok over i presidentpalasset i 2006 har desse organisasjonane mobilisert for regional autonomi. Etter kvart har desentraliseringsretorikken bredt om seg og dei opposisjonelle guvernørane i låglandsfylka Tarija, Pando og Beni har slutta seg til kampen om autonomi. Til saman utgjør desse fire fylka ein halvmåne på det bolivianske kartet. Utbrytarfylka blir derfor kalla for Halvmånen.

Kor langt er dei villige til å gå i sitt opprør?

5: Aust mot vest eller fattig mot rik?

Kor vidt kravet om autonomi kjem frå det store fleirtalet av befolkninga i desse fylka eller frå den vesle eliten er uvisst. CPSC har mobilisert hundretusenvis av demonstrantar rundt kravet om indre sjølvstyre (autonomi). Organisasjonen har fleire gonger arrangert lovstridige folkeavstemningar over autonomi og fått sterk oppslutning.

Santa Cruz er visseleg ikkje den regionen der Morales er mest populær. Opposisjonspartiet Podemos vann valet der i 2005, medan MAS måtte nøye seg med ein tredel av stemmene. Ved eit første blikk ser halvmånekonflikten ut til å vere av geografisk art: det austlege låglandet mot det vestlege høglandet. MAS har støtte i høglandet medan dei opposisjonelle partia har støtte i låglandet.

Men konflikten er meir kompleks enn som så. Dei sosiale rørslene som har mobilisert for nasjonalisering av gassressursane, jordreform og sosiale reformer er ikkje konsentrerte til det vestlege høglandet, dei står relativt sterkt i heile landet. Av dei fem store bolivianske grasrotorganisasjonane (deriblant CSUTSC, CIDOB og Bartolina Sisa) har tre av dei regionale avdelingar og ein av dei hovudkontor i Santa Cruz.

Medan CPSC i hovudsak organiserar mestisar, organiserer desse grasrotorganisasjonane fattige urfolk. Internasjonale observatørar og journalistar har uttrykt bekymring for korleis interessene til urfolk vil bli ivaretatt dersom halvmånefylka bryt seg laus frå Bolivia.

Autonomidebatten i Bolivia som på overflata kan sjå ut som å spegle ein geografisk konflikt – ein konflikt mellom regionar – er i hovudsak ein konflikt mellom fattig og rik, mellom urfolk og mestis. Mellom anna har FN-organisasjonen UNHCHR karakterisert autonomikrava som rasistiske. Vi kan derfor seie at Bolivia er delt langs økonomiske, sosiale, etniske og geografiske skiljeliner.

"Unida, Grande y para Todos" - forent, stort og for alle. Kva forstår du med det?

6: Fornya støtte til presidenten

I eit forsøk på å løyse den spente situasjonen og roe separatistrørsla opna regjeringa for folkeavstemning om tillit til presidenten og guvernørane. Sundag 10. august 2008 samla bolivianarane seg om valurnene for å gjøre eit politisk vegval ved enten å støtte president Morales eller dei opposisjonelle guvernørane. Konflikten mellom regjeringa og guvernørane engasjerer befolkninga. Heile 86 prosent av dei 4 millionane som hadde røysterett, deltok i avstemninga.

I folkeavstemninga hadde befolkninga høve til å kaste presidenten. Men valresultatet tyder på at befolkninga er nøgde med det venstreorienterte regjeringsprosjektet. Morales fekk ikkje berre konsolidert si støtte; avstemninga viste at folk sluttar kraftigare opp om presidenten enn noen sinne. På landsbasis fekk han 67 prosent av stemmene, 14 prosent meir enn han fekk under valet i 2005. Presidenten har slik fått klarsignal til å halde fram med å reformere ressursfordelinga.

7: Spent situasjon

Resultata frå folkeavstemninga var imidlertid ikkje eintydige. For sjølv om Morales fekk overveldande stor oppslutning, fekk også dei opposisjonelle guvernørane fornya tillit. Guvernørane i halvmånefylka Santa Cruz, Tarija, Pando og Beni og den opposisjonelle guvernøren i Chuquisaca blir sitjande. Avstemninga tyder såleis på at konflikten er av geografisk karakter, at Morales har støtte i høglandet medan opposisjonen har støtte i låglandet.

Ei slik tolking av avstemninga er imidlertid ikkje tilstrekkjeleg. Opposisjonen leid nederlag i dei folkerike fylka Cochabamba og La Paz, medan alle guvernørar frå MAS fekk fornya tillit. Sjølv om Morales og guvernørane frå MAS fekk størst støtte i dei vestlege fylka, gjekk presidenten opp i separatistrørsla sitt kjernefylke Santa Cruz. 43 prosent av befolkninga i dette fylket støtta Morales.

Kjelde: politicalcartoons.com

Blir det eksplosjon?

Begge sidene i den bolivianske konflikten fekk fornya tillit og talene president Morales og guvernøren i Santa Cruz Rubén Costas heldt i etterkant av folkeavstemninga illustrerer polariseringa:
 ”Det bolivianske folket har gjennom sine stemmer i dag gitt uttrykk for å ville konsolidere forandringa” -- president Evo Morales.
 ”Folkeavstemninga har overvunne den siste rest av sentralisme. Autonomi, autonomi, autonomi!” - guvernør i Santa Cruz Rubén Costas.

Folkeavstemninga ga altså ikkje eit eintydig svar, men oppslutninga om Morales og MAS har utan tvil auka i forhold til opposisjonen. Opposisjonen tapte kontrollen over to fylke til fordel for regjeringspartiet MAS, og oppslutninga om Morales aukar på landsbasis og i det mest profilerte utbrytarfylket. Konflikten vedvarer, men tidleg i september 2008 står det 1-0 til Morales.