Jordas tilstand

Publisert: 15. Mar 2009

Naturmiljøet – sjølve grunnlaget for menneskeleg og annan eksistens – blir ofte skyvd til side av andre og tilsynelatande meir presserande saker. Men korleis står det til med dei meir «stillegåande» naturprosessane og menneskas forhold til omgivnadene? I rapporten Global Environment Outlook (GEO-4) kjem FNs miljøprogram med ei oppsummering av naturtilstanden – globalt og regionalt. Denne artikkelen er utdrag frå og ei fortetting av GEO-4-rapporten.

  • Kor sunn er kloden?
  • Kva er situasjonen når det gjeld verdas naturmiljø?
  • Kva er dei overordna trendane på sentrale miljøområde?
  • Kva har skjedd dei siste 20 åra?

Verda er radikalt endra sidan 1987 – sosialt, økonomisk og miljømessig. Verdas befolkning har auka frå ca. 5 mrd i 1987 til ca. 6,8 mrd (2009). I samme periode har verdsøkonomien vakse – også per innbyggar. Men veksten er ulikt fordelt mellom grupper, land og regionar.

I perioden har det også funne stad formidable teknologiske endringar. Slåande døme ser vi både i forbetringar og veksten i bruken av telekommunikasjonar – ikkje minst den sterke framveksten av internett. Befolkningsvekst og økonomisk vekst (med meir forbruk per innbyggar) har til saman ytterlegare auka presset på naturressursane.

2: Samanheng mellom utvikling og miljø

Tanken om utvikling har ført spørsmålet om velferd inn i politikkens sentralfelt. Velferd for menneske er eit resultat av utvikling, som igjen er nær knytt til tilstanden i naturmiljøet.

I 1987 peikte Brundtland-kommisjonen (Verdskommisjonen for jordas miljø og utvikling) på at miljø, økonomi og sosiale forhold er uløyseleg samanvevde. «Motorane» i det tiltakande presset på naturmiljøet er befolkningsvekst, økonomiske aktivitetar, auka forbruk og nye forbruksmønster. Det er derfor mange hinder som står igjen på vegen fram til berekraftig utvikling – FNs sjuande tusenårsmål. Faktum er at miljøomsyn bare i liten grad er blitt trekte inn i utviklingsprosessar.

Miljøforverring fører utan tvil til helseproblem, blant anna kreft, smittsame sjukdommar, meir smitte frå dyr til menneske, ernæringsproblem og luftvegssjukdommar. Miljøet er ein viktig base for menneskas økonomiske verksemd. Globalt står fiske, skogbruk og jordbruk for 50 prosent av all sysselsetting. Ikkje-berekraftig bruk av naturressursar som jord, vatn, skog og fisk kan truge einskildhushaldningar så vel som lokale, nasjonale og regionale økonomiar.

Berekraftig samvirke mellom menneske og naturmiljø er avgjørande for å kunne nå dei andre tusenårsmåla. Naturressursar er sjølve livsgrunnlaget – gir levebrød – for mange av verdas fattige. Naturkapitalen står for om lag ein firedel av inntektene i lavinntektsland. Og nær ein femdel av den totale sjukdomsbyrda i u-land må sjåast i samanheng med miljøtruslar.

3: Luftforureining

Kva skjer med miljøproblem som har med atmosfære og luft å gjøre? Kva er motoren for endringane? Korleis påverkar dei velferd og utvikling? Og kva for befolkningsgrupper, økosystem og område er mest sårbare for endringane? Kva tiltak blir sette inn?

Luftkvalitet og velferd: GEO-4-rapporten konkluderer med at menneskeskapt luftforureining utgjør eit av dei viktigaste miljøproblema som verkar inn både på helsa vår, det generelle velveret og på utvikling verda over.

GEO-4 ser atmosfærespørsmål som særs samansette. Forskjellige forureinande stoff som blir sleppte ut og sekundære stoff som blir danna i atmosfæren, har ulik «levetid». Den kan variere frå timar til fleire hundreår, og stoffa kan bli transporterte over ulikt lange avstandar. Verknadene kan vere så vel lokale som globale.

Luftforureininga, særleg partikkelforureininga, er svært stor i mange byar, især i utviklingsland. I dei fleste av storbyområda i verda overstig NO2-utsleppa dei grenseverdiane som Verdas helseorganisasjon (WHO) har sett. Og dagens nivå synest ikkje å ville avta i nemneverdig grad. Meir enn to millionar menneske lir årleg ein for tidleg død som følge av innan- og utandørs luftforureining. På den andre sida har luftkvaliteten blitt merkbart betre i noen land – først og fremst i nord – etter at Verdskommisjonen (1987) la vekt på det akutte behovet for å gjøre noe med desse problema. Men mange av hovudproblema forblir dei same, eller har til og med blitt større.

Innandørs luftforureining – som stammar frå fyring med ved, parafin eller kol i hushaldningane – påverkar især kvinner og barn. Årleg lir 1,6 millionar ein for tidleg død som følge av innandørs luftforureining. Også utandørs luftforureining råkar helsa til dei fattigaste hardast. Dette går ut over tusenårsmåla – både kampen mot fattigdom, helsemåla og målet om berekraftig utvikling. I mange u-land er partikkelforureining viktigast når det gjeld luftforureining. Den omfattande bruken av dårleg brensle både i hushaldningar, industri og transport utgjør her eit kritisk problem.

Europa og Nord-Amerika prioriterer gjerne verknadene på helsa av utandørs partikkelutslepp og ozongassar, og dessutan korleis desse stoffa påverkar produktiviteten i jordbruket, samt utslepp av nitrogen i økosystema.

Tungt nedbrytbare organiske miljøgifter (POPer) og kvikksølv representerer eit globalt problem. Det er høge nivå av POP og kvikksølv i næringskjedene, og dette kan påverke helsa både til menneske og dyr. Mange miljøgifter blir transporterte gjennom lufta, mens verknadene av dei blir spreidde via vass- og landbaserte næringskjeder. For det meste hopar dei seg opp i polarområda.

Utfordringar og muligheiter: Det er mulig å redusere dei skadelege utsleppa til atmosfæren betydeleg, både gjennom teknologiforbetringar og politiske tiltak. Men tiltakande menneskeleg aktivitet (fleire menneske og større behov) utliknar noen av vinstane. Hovudutfordringane er rask vekst innanfor transport og andre former for energiforbruk som har fortsatt å resultere i skadelege utslepp med verknader for helse og miljø.

Biltrafikk saman med svak byplanlegging får køane og luftforureininga til å tilta. Flytransport er ei av dei raskast veksande transportformene; talet på passasjerkilometer auka mellom 1990 og 2000 med 76 %. Også skipstrafikken har auka merkbart og speglar dermed auken i internasjonal handel – frå om lag 4 milliardar tonn varer i 1990 til meir enn 7 milliardar i 2005).

Økonomiske studiar i luftforureining viser at kostnadene av dei negative verknadene langt overstig kostnadene ved å gå til miljøhandling no – ofte med det mangedobbelte. Sterk politisk leiarskap er avgjørande for å utvikle institusjonar og nå fram i opinionen for å sikre tilstrekkeleg finansiering og nasjonal og internasjonal samordning.

Kor i verda er luftforureininga størst?

4: Klimaendringar

Ei varmare verd:  Klimaendringar er ei global hovudutfordring som vil få markant og langvarig innverknad på menneskas velferd og utvikling. Dei utgjør eit hinder for å kunne møte dei grunnleggande utviklingsbehova.

Den globale oppvarminga skjer no. Elleve av dei tolv åra frå 1995 til 2006 var mellom dei varmaste sidan 1850. Det føreligg overveldande bevis på at klimaendringar finn stad. Mellom anna har gjennomsnittstemperaturen på jorda stige med 0,74°C i løpet av 1900-talet. Konkret ser vi oppvarminga i dei mange isbreane som krympar, permafrost som tiner, elve- og innsjøis som forsvinn tidlegare, lengre vekstsesongar, fleire og kraftigare stormar, endra nedbørsmønster og hyppigare hetebølger og tørke i noen delar av verda, meir flaum i andre.

Endringar i tilgang til vatn og matvaretryggleik er forventa å innverke dramatisk på livet til mange millionar menneske. Stigande havnivå truar både menneske og viktige økonomiske senter i kystområde så vel som sjølve eksistensgrunnlaget til små øystatar.

Fattige samfunn, især i utviklingsland, er svært avhengige av regnbasert overlevingsjordbruk og naturressursar. Dei er heilt avhengige av blant anna monsunregn og også svært sårbare for dei øydeleggingane som følger med ekstremver, som orkanar.

Fortsatt oppvarming vil truleg endre den geografiske utbreiinga av smittsame sjukdomar, som malaria og denguefeber, og matvareoverførte infeksjonar som salmonella vil bli vanlegare. Sjukdom og død som følge av forårsaka av feilernæring, diaré og malaria er forbunde med varmare klima og aukar år for år verda over, og især i Afrika og enkelte asiatiske land.

Utfordringar og muligheiter: Auka menneskeskapte utslepp av klimagassar (især CO2) er dei viktigaste motorane i klimaendringane. Forskarar og andre ekspertar har rekna ut at ein auke på 2° C i den globale gjennomsnittstemperaturen – målt i forhold til førindustrielt nivå (ca år 1800) – er ei viktig grense når det gjeld kor sterk temperaturstigning naturen kan tole. (Og bare på 1900-talet steig den altså med 0,74 ° C.)

Kor berekraftig er energiforbruket?

Stig temperaturen ytterlegare, vil klimaverknadene bli langt meir alvorlege. Da vil det truleg også bli langt vanskelegare å rette på skadane – dei vil kunne bli irreversible. FNs klimapanel (IPCC) ventar ein auke i dette hundreåret på ytterlegare 1,8–4°C – altså ei samla stigning frå førindustriell tid til eit nivå langt over faregrensa. Tilsvarande er havnivået i same periode venta å stige mellom 0,18 og 0,59 meter. Det vil forsterke verknadene av klimaendringane og kunne få valdsame konsekvensar.

Tilpassing: Takten i temperaturstigninga vil i stor grad avhenge av dei vala samfunn og statar gjør for å redusere utslepp av klimagassar. I mellomtida er tilpassing til dei venta klimaendringane blitt ein global prioritet. Drastiske tiltak må iverksettast for å redusere utslepp av klimagassar frå energi, transport, skogbruk og jordbruk for å unngå alvorlege utslag av klimaendringar i framtida.

Internasjonale avtaler som omhandlar problema, finst – slik som Kyoto-avtala (den skal reforhandlast i København 2009). Men desse avtalene er langt frå globale – dei omfattar slett ikkje alle land. USA har ikkje skrive under, og u-landa har vore unntatte. Faktisk har det rådd ein påfallande mangel på vektlegging når det gjeld å handsame utslepp av klimagassar gjennom det meste av dei siste 20 åra.

Nødvendig politikk og teknologi for å redusere utsleppa er tilgjengeleg, og mye av dette svarer seg økonomisk, især der kor auka energitryggleik, reduserte energikostnader og færre helseskadelege verknader av luftforureining speler saman. Dette vil seie betringar i energieffektivitet og ein overgang til lavkarbon- og fornybare ressursar (biodrivstoff, sol, vind, jordvarme). Andre teknologiske løysingar kan vere CO2-fangst- og -lagring.

Nyare studiar viser at tiltak for å redusere utsleppa ikkje treng å innebere enorme kostnader, og at dei totale kostnadene vil utgjøre ein svært liten del av den globale økonomien. På den andre sida tilseier langsiktige risiki som følge av klimaendringar at vi bør nærme oss problemet ut frå ei føre-var-tilnærming.

5: Forvaltinga av jord

Endringar i bruken av jord har hatt både positive og negative verknader på velferd og på dei tenestene økosystem kan stå for (vassreining med meir). Kolossal auke i produksjonen innanfor landbruk og skogbruk har gitt meir velferd og tryggare utkomme for millionar verda over. På dette feltet omhandlar GEO-4-rapporten blant anna desse tema:

  •  Sidan 1987 har det årlege tapet av skog – avskoging – vore på 73 000 km2. Desse områda er gjerne blitt gjort om til jordbruksland, byområde eller beitemark.
  •  Sidan 1987 blir jorda drive dramatisk mye meir intensivt. I Asia har kornproduksjonen stige med 25 %, i Vest-Asia 37 % og i Latin-Amerika med 40 %. Per hektar blir det no produsert 2,5 tonn mat mot 1,8 i 1980-åra.
  •  Sidan 2006 – og for første gongen i historia – bur meir enn 50 % av verdas befolkning i byar. Og tendensen er stigande.
  •  Hovudgrunnane til endringane i bruken av land og den auka intensiteten er fleire menneske, endra forbruksmønstre og teknologiske, politiske og klimatiske endringar.
  •  Skogdekninga tiltok i Nord-Amerika og Europa gjennom dei fire åra rapporten omhandlar. Den langvarige tendensen med avskoging har her med andre ord stansa opp. Men avskoginga held fram i regnskogbeltet. Avskoging varer altså ved som eit alvorleg miljøproblem.
  •  Forringing av landområde er eit grunnleggande og vedvarande problem drive av ikkje-berekraftig drift. Nyare analysar (satellittdata) vitnar om at dei mest utsette områda er den tropiske delen av Afrika sør for ekvator, Søraust-Afrika, Søraust-Asia, Sør-Kina, Søraust-Brasil og Pampas i Argentina, og dei tempererte skogane i Alaska, Canada og Aust-Sibir.
  •  Kjemisk forureining utgjør stor risiko for helse og miljø – sjølv om vi enno ikkje fullt ut kjenner til kor giftige utsleppa er, eller grensene for kva som er trygg eksponering. Ein «arv» frå tidlegare forureinande stader (utsleppsbomber) finst i mange gamle industriland. I Europa reknar ein med meir enn 2 millionar slike avfallsplassar; 100 000 av dei treng opprydding.
  •  Utarming av næringsstoffa i jorda er den vanlegaste faktoren som hemmar avlingane i store delar av tropene, især i Afrika sør for Sahara. Bruk av gjødsel eller kunstgjødsel kan auke avlingane opp til 16 gonger. Men mange småbønder i fattige land manglar pengar til å kjøpe gjødsel. På den andre sida fører den omfattande bruken av kunstgjødsel i industriland til overnæring av jorda (eutrofiering) der.
  •  Forørking – landforringing i tørre område – kommer mest til syne i fattige land der det går ut over levebrødet til millionar av menneske i visse område. Inntektene til innbyggarane i desse områda ligg stort sett langt under resten av verda.
Foto: unep.org

Blir jorda alltid meir produktiv av kunstig vatning?

6: Forvaltinga av vatn

Klimaendringar, overutnytting og forverring av tilstanden i akvatiske økosystem, og overbeskatning av fiskebestandar, bidrar til å endre det totale vassmiljøet. Også på det viset blir menneskas velferd og muligheitene for å nå tusenårsmåla påverka.

Det globale vasskretsløpet blir påverka av klimaendringane, og dermed blir både menneske og viktige vassøkosystem trua. Varmare havvatn og endringar i overflatestraumane endrar nedbørsmønster, ferskvatn og den marine plante- og dyreproduksjonen.

Tørke og flaum blir både vanlegare og alvorlegare og fører til auka feilernæring, meir av vassborne sjukdommar og øydelagt levebrød. Mindre nedbør og øydeleggande tørke har påverka Sahel-området heilt sidan 1970-talet. På den andre sida har nedbøren tiltatt i austlege delar av Nord- og Sør-Amerika, Nord-Europa og Nord- og Sentral-Asia. Meir stormfullt ver forverrar tryggingssituasjonen for folk i lågtliggande kystområde og øyer som er utsette for stigande havnivå. Islag og isbrear har smelta sterkt dei siste 20 åra. Isdekket og istjukkleiken i polarområda er også tydeleg reduserte.

Ferskvatn: Ferskvassressursane og berekraftig utvikling heng nær saman. Endringar i vasskretsløpet kan hindre at tusenårsmåla om reint vatn, helse og matvaretryggleik blir nådde. Tilgjengelege ferskvatssressursar blir stadig mindre som følge av overforbruk både av overflatevatn og av grunnvatn. Bruken av ferskvatn i jordbruk, industri og energiproduksjon har stige markant gjennom dei siste 50 åra. I mange delar av verda overstig forbruket av vatn det årlege, naturlege påfyllet av nytt vatn.

Oppdemming har utan tvil vore ein enorm fordel for jordbruk, vassforsyning og el-produksjon. Minuset er at oppstykkinga av elveløp gjennom demningar, avleiingar og kanalar reduserer jordbruks- og fiskeproduksjonen og aukar saltinnhaldet i jorda ved elvemunningar.

Vasskvalitet: Globalt er forureina vatn fortsett den viktigaste enkeltårsaka til sjukdom og død. Forureining som følge av elendige sanitærforhold, feilaktig behandling av avfallsvatn og dyremøkk er ei hovudbekymring. 3 millionar menneske dør av vassrelaterte sjukdommar årleg i u-land, for det meste barn under fem år. Framleis saknar om lag 2,5 mrd. menneske tilstrekkeleg gode sanitære forhold. Betre sanitære forhold kunne aleine ha redusert slike dødsfall med opp til 60 prosent og tilfelle av diaré med opp mot 40 prosent. Samtidig går mange årsverk tapt som følge av vassrelaterte sjukdommar – meir enn 60 millionar årsverk i 2005.

Foto: unep.org

Vassøkosystem: Mange marine og kystøkosystem og dei fleste ferskvasssystema blir meir og meir ødelagde og dermed også dei økologiske «tenestene» dei forsyner menneska med. Tap av våtmarksområde har endra flaummønstra, auka flaumfrekvensen og redusert leveområda (habitat) til dyr. Artsbortfallet føregår raskare for artar som lever i ferskvatn eller i marine omgivnader, enn for artar i andre økosystem. Overføring av framande artar har øydelagt mange ferskvass- og kystøkosystem. Auka forståing for den økonomiske verdien av dei «tenestene» som vassøkosystem leverer – som reinsing av vatn, næringskretsløp, flaumkontroll, habitat – er viktig for lettare å trekke slike element inn i utviklingsplanlegging og beslutningar.

Fiskebestandar: Fiskebestandar – både i saltvatn og ferskvatn – blir reduserte som følge av overfiske, forringa miljø og globale klimaendringar. Den totale fangsten av marin fisk blir oppretthalde bare ved at fisket skjer stadig lenger ute eller djupare ned. Nedgangen er ein hovudfaktor i tap av biologisk mangfald og har alvorlege konsekvensar for velferden vår.

7: Biologisk mangfald

Biologisk mangfald vil seie heile variasjonsbreidda av liv på jorda. Det inkluderer mangfald på genetisk nivå, artsmangfald og mangfald når det gjeld økosystem og leveområde (habitat). Økosystema varierer sterkt både når det gjeld storeleik og samansetting. Vi finn alt frå små mikrobesamfunn i ei drope vatn til heile regnskogsystemet i Amazonas. Både menneska og dei mange millionar andre artane er avhengige av helsa til økosystema.

Mangfaldsstatus: Mindre enn 10 prosent av verdas kjente artar er så langt blitt kartlagde. Dette illustrerer kor lite vi veit om artanes tilstand. Av desse er meir enn 16 000 artar trua av utrydding.

  •  Artsbortfallet føregår 100 gonger raskare i dag enn det vi kan lese ut av analysar av fossil – altså de tidlegaste tider.
  •  Den tropiske regnskogen inneheld langt dei fleste utryddingstrua artane. Deretter følger tropisk tørrskog, grasmark i fjellområde og busklandskap.
  •  Talet for trua artar i ferskvassystem er lite kjent, men desse er generelt meir utryddingstrua enn landbaserte artar.
  •  Talet for trua artar i djupvassområda er så langt ikkje kartlagt, men blir anslått til ca. 10 millionar.

Auka press: Presset på det biologiske mangfaldet er venta å auke ytterlegare med ei verdsbefolkning som er berekna å nå 8 milliardar i år 2025. Menneska påverkar verdas økosystem – både på land og i vatn – i ein til no ukjent grad. Vi har liten kunnskap om korleis dette vil påverke økosystema i framtida. Tala under viser korleis artsmangfaldet blir påverka av befolkningsveksten:

  •  20–50 prosent av meir enn halvdelen av verdas 14 sentrale landbaserte økosystem er allereie blitt omgjorde til dyrka mark.
  •  Om lag 60 prosent av dei største elvene i verda er blitt stykka opp gjennom oppdemming og kanalisering.
  •  Av ca. 270 000 kjende planteartar er 10 000–15 000 til å ete, og om lag 7000 av dei blir nytta i jordbruket. Tapet av genetisk mangfald innanfor jordbruk dei siste 20 åra kan få alvorlege verknader for verdas matvaretryggleik.

Utfordringar og muligheiter: Å imøtekomme tiltakande globale behov for mat vil auke miljøutfordringane. Anten må jordbruksproduksjonen auke eller så må det dyrka arealet utvidast. I Brasil har arealet som går med til å dyrke soyabønner (det meste blir eksportert til Kina), auka frå 117 000 km2 i 1994 til 210 000 km2 i 2003.

Den raske auken i etterspurnaden etter energi har djuptgripande verknader for det biologiske mangfaldet. Leiting etter olje og gass, bygging av olje- og gassleidningar, utvinning av uran og kol, bygging av demningar til vasskraft, hausting av brensel, og i aukande grad biobrensel, kan føre til betydelege tap av biologisk mangfald.

Den samla produksjonen av biobrensel i verda vil venteleg bli femdobla – frå 20 millionar tonn oljeekvivalentar i 2005 til 92 millionar i 2030.

Tap av genetisk variasjon, overbefolkning og oppsplitta habitat gjør oss meir sårbare ved sjukdomsutbrot. Biologisk mangfald ligg til grunn for mang ein kur. I 2002–2003 kunne 80 prosent av alle nye medisinar sporast tilbake til naturprodukt.

Graf: unep.org

Kor i verda set enkeltmenneska størst økologisk fotavtrykk etter seg? Kor overgår det økologiske fotavtrykket den biologiske kapasiteten til regionen?

8: Svært langsamt i riktig retning

Utviklinga er blitt noe meir berekraftig etter at «Vår felles framtid» blei lansert i 1987. Mellomstatleg samarbeid om miljø og utvikling har auka. Fleire mellomstatlege avtaler er underteikna med mål om å motverke miljøutfordringar – både lokalt, nasjonalt, regionalt og internasjonalt. Stadig fleire vitskaplege rapportar har bidratt til større forståing for miljøutfordringane.

Til tross for positive trekk innanfor miljøstyring og større forståing for banda mellom miljø og utvikling så har den verkelege framgangen i retning av berekraftig utvikling gått langsamt. I utviklingsstrategiar overser ein ofte behovet for å ta vare på livsnødvendige tenester frå økosystem − tenester som den langsiktige utviklinga avheng av. Handling har så langt vore avgrensa til spørsmål som klimaendringar, forureining, fiskeriforvalting og biologisk mangfald.