Arbeidsoppgaver og lenkeforslag nr. 24 2010
title
Arbeidsoppgaver og lenkeforslag nr. 24 2010short_description
related_quiz
questions
tasks
- Kva er Charta 77 og Charta 08?
- På kva for fagområde blir det årleg delt ut nobelprisar?
- Korfor var Carl von Ossietzky ein torn i auget på tyske styresmakter på 1930-talet? Og Lech Walesa på dei polske styresmaktene på 1980-talet?
- Gjør greie for korleis Nobelkomiteens fredsomgrep har utvikla seg gjennom dei siste tiåra.
- Kven har rett til å nominere kandidatar til Nobels fredspris? Bruk nettstaden til Den Norske Nobelkomité.
- Kven sit i Nobelkomiteen?
- Kva var massakren på Den himmelske fredens plass?
- Du sit i Nobelkomiteen, som har fått fleire forslag om å tildele Den europeiske union (EU) årets fredspris. Gjør greie for argument for og mot EU som fredsprisvinnar.
- Hausten 2010 blei Det Norske Nobelinstitutt utsett for eit cyberangrep. Bruk nettet for å finne ut meir.
- Diskuter kva som ligg i at Den Norske Nobelkomité er «blitt meir av ein aktør og pådrivar» på 2000-talet? Kva meiner de om ei slik utvikling?
- Gjør greie for på kva måte Liu Xiaobo søker å fremme fred.
- Kva for argument nyttar den kinesiske ambassadøren i Norge mot årets fredspris? Dagbladet
- Kva for argument nyttar Gerhard Heiberg i sin kritikk av Nobelkomiteens avgjerd for 2010? Sjå NRK-video, Aktuelt 03.11.2010
- Drøft kva som kan ligge til grunn for at fredsprisen har fått ein meir global karakter dei siste tretti åra.
- Diskuter påstanden «Stortinget bør velje ikkje-politikarar og utlendingar som medlemmer av Nobelkomiteen».
- Diskuter påstanden: «Årets fredspris er eit tilbakeslag meir enn til fremme av fredens sak.»
- Diskuter påstanden «Kina tar feil når dei ser Nobelkomiteens avgjerder som uttrykk for synet til det offisielle Norge.»