Hopp til innhold

Forestill deg at du «er i eit av bilda». Kva for tankar og kjensler har du for det du ser rundt deg? Enn for framtida for deg og dine?

Bilde: un.org og unhcr.org

Pakistan: Det trekk opp til storm

Kva blir resultatet når du kombinerer forskjellige konfliktar, naturkatastrofar, flyktningkriser, religiøs ekstremisme og ein svak stat? Jo, då haustar du ein storm – ein stor og kraftig ein med verknader langt utover landegrensene til enkeltland. Få stader ser ein dette betre enn i Pakistan.

Personer

Connor Cavanagh
er masterstudent ved Noragric, Universitetet for miljø og biovitenskap i Ås.
  • Var flommen i 2010 verkeleg ein naturkatastrofe?
  • Korleis medverkar flommen til å skape ein stor nødssituasjon?
  • Korleis vil klimaendringar og demografiske trendar kunne påverke Pakistans framtid?

Pakistan: eit land med store utfordringar

„Pakistan er eit samansett land med mange forskjellige utfordringar. Atomspenning med India, militære eventyr i Afghanistan, politiskøkonomisk strid med Kina og Tehrik-e-Taliban (TTP) på eigen jord er noen av dei. Vidare finn vi store ulikskaper mellom rik og fattig, mellom kvinner og menn og mellom ulike etniske og religiøse grupper. Den nasjonale scena blir endå meir prega av strid og konflikt ved at militære og økonomiske elitar kjempar om makta over landets svake regjering. Ofte har denne striden om regjeringsmakt særs uheldige resultat for dei sårbare folka i dei føderalt administrerte stammeområda (FATA) og for landsbygda i det heile.

Klimaendring og naturforringing

Likevel er desse utfordringane små samanlikna med ein ny trussel for Pakistan: klimaendringar og den forringinga av naturmiljøet som følgjer med desse. Om lag eitt år etter den øydeleggande flommen sommaren 2010 kan det vere gode grunnar til å grunne over kva som hende og kva vi har lært av den.

Om det internasjonale samfunnet let vere å hjelpe Pakistan i dag i forsøka på å få skuta på rett kjøl, er det få i vest som i morgon vil vere upåverka når det verkeleg byrjar å storme. Nøkkelen til å forstå situasjonen i Pakistan og forhindre den frå å bli endå verre, er å innsjå korleis  miljøutfordringar både forverrar og forsterkar eksisterande politiske konfliktar i landet.

Lenge før noen i Vesten kom på tankar om at Osama bin Laden gøymde seg i Abbottabad var byen prega av eit stort nærvær både av humanitære og militære krefter. Der var dei som svar på det store jordskjelvet i 2005 og så på flommen i 2010. Sommaren 2010 dekte flomvatnetnær ein femdel av landarealet i Pakistan og råka med det nær 20 millionar  menneske bare på noen få månader.

FNs generalsekretær Ban ki-Moon sa det slik i ein tale til Hovudforsamlinga i FN: – Flommen påverka fleire menneske enn «tsunamien i 2004, jordskjelvet i Kashmir, syklonen Nargis og jordskjelvet på Haiti» til saman. Kritisk viktig infrastruktur (vegar, jarnvegar, el-forsyning osv.) blei øydelagd, buskap blei skylt vekk og jordbruksland blei midlertidig øydelagd.

Etter sjølve flommen blei folkehelsa utfordra gjennom diare, dysenteri, kolera og andre vassborne sjukdommar som raskt spreidde seg i flyktningleirar og på andre samlingsstader for folk som flykta frå flommen. Omfanget av katastrofen blei ufatteleg i eit land som allereie var pressa til randen.

Pakistan 2010: dei hardast flomramma områda.

Eit tørt land

Korfor blei verknadene så katastrofale? Eit blikk på eit kart over Pakistan seier meir enn mange ord. Landet er langt og relativt smalt. Her finn vi den mektige Indus-elva som bind saman Himalaya-fjella i nord med Det arabiske hav i sør. Himalaya fungerer som eit vasskille for heile landet. Det fangar opp vatn og send det ned gjennom dei tørre landområda og ut i havet. Mye av landsbygda i Pakistan er tørr – vatnet frå Indus og sideelvene er derfor heilt nødvendig for jordbruket, som for ein stor del er irrigasjonsjordbruk. Derfor bur folk i Pakistan i hovudsak nær elvene.

Sommaren 2010 fall det uvanleg mye monsunregn i det fjellrike Nord-Pakistan. Vassføringa blei raskt svært blei  verknadene så katastrofale? Eit blikk på eit kart over Pakistan seier meir enn mange ord. Landet er langt og relativt smalt. Her finn vi den mektige Indus-elva som bind saman Himalaya-fjella i nord med Det arabiske hav i sør. Himalaya fungerer som eit vasskille for heile landet. Det fangar opp vatn og send det ned gjennom dei tørre landområda og ut i havet.

Mye av landsbygda i Pakistan er tørr – vatnet frå Indus og sideelvene er derfor heilt nødvendig for jordbruket, som for ein stor del er irrigasjonsjordbruk. Derfor bur folk i Pakistan i hovudsak nær  elvene.

Sommaren 2010 fall det uvanleg mye monsunregn i det fjellrike Nord-Pakistan. Vassføringa blei raskt svært stor og elvevatnet flomma utover dei tett befolka områda ved elvene. Om ikkje noe drastisk blir sett inn for å motverke dei globale klimaendringane, vil nedbøren sannsynlegvis tilta og flommane bli endå større og meir alvorlege  i framtida. Om klimaendringane held fram i sitt noverande spor, vil monsunregnet framstå som meir og meir  menneskeskapt.

Enorme verknader

Verknadene av desse flommane er enorme både sosialt, økonomisk og politisk. Når tilsynelatande naturkatastrofar påverkar titals millionar  menneske, blir utslaga djupt sosiale. Som alle større kriser betyr dei akutte sjokk som kan bli avhjelpte teknisk. På lengre sikt betyr dei gjerne også langvarig ustabilitet og muligheiter for grupper til å slå politisk mynt på katastrofen.Noen grupper kan tape politisk makt medan andre kan vinne på kriser.

Tross det enorme omfanget flommen fekk, dekte dei internasjonale media flommen i 2010 som om den berre var ei i rekka av mange katastrofar. Bilde av oversvømde hus, øydelagd infrastruktur og flyktningar fylte TVskjermane verda over for ei tid, men forsvann også raskt som del av døgnfluejournalistikken. Media feila heilt i å gripe kva denne katastrofen verkeleg var – nemleg del av eit breiare og samansett sørasiatisk puslespel.

Ein kompleks nødssituasjon

Hjelp frå FNs matvareprogram i stammeområda.

Flommen i Pakistan i 2010 let seg kan hende best forstå som del av ein breiare og samansett nødssituasjon meir enn som berre ein naturkatastrofe. Innanfor nødhjelp vil dette seie ein situasjon som inneber konflikt, omfattande omplassering av folk, sårbare politiske institusjonar og skort på livsviktige ressursar. Typiske eksempel på slike nødssituasjonar finn vi i krigsområde som Afghanistan, Irak, Somalia, og Kongo. Men klimaendringar kan føre til at fleire av desse scenaria kjem til å bli kjenneteikna av også å vere naturkatastrofar.

I Pakistan er naturkatastrofar del av ein samansett nødhjelpsituasjon. Slike katastrofar set staten dårlegare i stand til å ha full styring over heile territoriet sitt. Stammeområda nordvest i Pakistan mot grensa til Afghanistan − Federally Administered Tribal Areas (FATA) − er ein region med nær indre sjølvstyre. Dei lokale pasjtunstammane styrer her med stor grad av sjølvstyre. Tradisjonelt har styresmaktene i Pakistan måtta kjempe for kontrollen om dette grenseområdet.

Årsaker

Årsaker til dagens uro i stammeområda finn ein tilbake i historia. På 1980-talet støtta USA geriljaen i Afghanistan med våpen og pengar i kampen deira mot den sovjetiske okkupasjonsmakta. Ei rekke flyktningleire blei då oppretta i stammeområda i Pakistan − sette opp for å hjelpe afghanske flyktningar. Men dei blei raskt også ein kjelde til uro.

Etter at den kalde krigen tok slutt, blei kampane i Afghanistan avløyste av ein borgarkrig – ein krig mellom afghanarar. Dermed heldt straumen av flyktningar fram. I leirane blei det oppretta religiøse skolar − madrassas. I noen av dei blei det undervist i ein radikal og militant versjon av islam. Ironisk nok var noen av geriljakrigarane som blei betalt av USA på 1980-talet, aktive i etableringa av desse skolane.

I 1996 kom Taliban til makta i Afghanistan. Mange unge menn frå leirane i Pakistan gjekk då inn i Taliban. Endå fleire blei dei då Taliban hausten 2001 tok til å rekruttere unge menn frå den pasjtunske folkegruppa for å kjempe mot amerikanarane i Afghanistan. Mens den dominerande vestlege forklaringa på nærværet er fokusert på islamistisk ekstremisme, ser andre eit klart antikolonialt element i motstanden. Sjølv om den ideologiske grunngivinga har endra seg over tid, er unge menn frå FATA-regionen blitt mobiliserte til kamp både mot britar, russarar og sør-pakistanske styresmakter opp gjennom nyare historie.
I dei siste åra er dei same flyktningleirane blitt knytte til framveksten av det pakistanske Taliban − Tehrik-e-Taliban (TTP). Det pakistanske Taliban består av ei rekke laust samanknytte undergrupper. Dei fleste av dei har koplingar både til Taliban i Afghanistan og dei arabiske krigarane der som har kjempa både med Taliban og al-Qaida sidan 2001.

Målet deira er å etablere eit styre med basis i sharialover – svært strenge og bokstavtro islamske «lover» – i FATA-regionen og nærliggande regionar. Sidan 2001 har Taliban stått bak mange terrorhandlingar i FATA, Khyber Pakhtunkhwa-provinsen og i resten av Pakistan.

Landsby i Punjab-provinsen.

Om flyktningar og rekruttering til Taliban

Det er vanskeleg heilt ut å stadfeste kva for eit samband det er mellom dei som flykta frå flommen i 2010 og rekruttering til Taliban. Historia har vist at det etter alt å dømme er ein samanheng. Vi veit at islamistgrupper etter jordskjelvet i 2005 prøvde å drive sitt eige nødhjelpsarbeid overfor dei nødlidne, og at dei fekk tak i nye medlemmer på dette viset.

 I 2010 framheldt den kjende ikkje-statlege organisasjonen International Crisis Group at det då var heile 1,4 millionar flyktningar i Khyber Pakhtunkhwa-provinsen – kan hende eit av dei verst flområka områda i Pakistan. I desse leirane samlast folk som har flykta frå kampar og andre pakistanarar som har flykta frå flom. Og alle har dei til felles at dei har mista inntektsgrunnlaget og er rastlause. 

Meir enn eitt år etter den øydeleggande flommen lever mange av flyktningane framleis i leirane. Riktig nok har dei internasjonale nødhjelpsorganisasjonane begynt å skifte fokus frå kortsiktig hjelp til meir langsiktig rehabilitering og gjenoppbygging. Mange av flyktningane kan likevel bli freista til å slå seg i lag med dei militante om ikkje dei snart kjem i vanleg arbeid igjen. For mange kan det allereie vere for seint.

Kombinasjonen av fattigdom, avhengigheit av bistand utanfrå og manglande evne til å syte for familien sin har allereie fått enkelte til å søke til militante islamistgrupper i FATA.

Eit Pakistan i strid med seg sjølv.

Klimaendringar, befolkningsauke, konfliktar

I 1911 levde 19 millionar menneske på området til det som i 1947 blei Pakistan. I dag bur det om lag 185 millionar på same landområde, og Pakistan er det sjette mest folkerike landet i verda. Og i ein ny rapport frå Verdsbanken heiter det at befolkninga kan nå opp til 320 millionar allereie i 2050. Ein treng ikkje vere pessimist for å skjøne at Pakistan står framfor kolossale utfordringar. Ein av dei er å få kontroll på befolkningseksplosjonen og balansere denne mot ein relativt jamn fordeling av både naturressursar og økonomiske ressursar.
Sterk befolkningsvekst aleine vil neppe føre til konfliktar om det knappe vatnet. Det kan derimot kombinasjonen av stor befolkning, ineffektiv, gamaldags irrigasjonsteknologi i jordbruket og særs ulik tilgang på vatn. Faktisk er det venta at Pakistan vil bli eit land som går inn i gruppa av offisielt vassknappe land allereie i 2020. Og desse tala gjeld det totale tilbodet av vatn, ikkje fordelinga av vatn i landet.

Mange kan med andre ord for lengst ha komme i ein situasjon med for lite vatn til avlingane sine. Tiltakande smelting av is og snø i Himalaya – som følgje av klimaendringar – kan auke vassføringa i Indus-elva på kort sikt. På litt lengre sikt vil − etter alt å dømme − likevel mangelen på vatn vere slåande.

Strid mellom provinsar i Pakistan vil føre til at noen område opplever skort på vatn tidlegare enn andre. I ein rapport til den amerikanske kongressen blir det synt korleis bygginga av Kalabagh-dammen har ført til strid. Bygginga blir støtta av styresmaktene i den pakistanske Punjab-provinsen. I Sindh-provinsen lenger nede i elva fryktar ein skort på vatn. I ein provins lenger oppe i elva , Khyber Pakhtunkhwa, fryktar ein at verdifullt jordbruksland vil komme under vatn.

Mestedelen av jordbruksarealet i Pakistan er enten halvtørt, tørt eller særs tørt. Konfliktane handlar derfor om mye meir enn å tene pengar på å selje vassbasert kraft – dei handlar om overleving og matvaretryggleik. Især gjeld det for millionar av fattige som allereie arbeider under svært vanskelege kår på jord kontrollert av dei mektige landeigarane.

Situasjonen er i stadig mindre grad eit spørsmål om viss. Heller er det eit spørsmål om når den neste naturkatastrofen vil slå til. Saman med pågåande konfliktar – både i Pakistan og i aukande grad med landets allierte − vil klimaendringar og miljøproblem som heng saman med dei, utgjøre store utfordringar for Pakistan. Om endå ein flom inntreff, må det internasjonale samfunnet svare med ein gong og med meir ressursar enn noen gong. Tryggleiken både til Pakistan, landa i regionen og dei vestlege landa vil avhenge av det.

Kor lenge må dei vere flyktningar?

Arbeidsoppgaver

Oppgaver

  1. Gjør greie for større utfordringar som Pakistan står overfor.
  2. Kva er dei største utfordringane landet står overfor?
  3. Kva meiner ein med madrassaer? Korleis kom noen av dei til å fungere?
  4. Kva meiner ein med døgnfluejournalistikk?
  5. Korleis er flommen i 2010 del av eit breiare og samansett sørasiatisk puslespel?
  6. Gjør greie for etterverknader ein flom som den i Pakistan i 2010 kan ha?
  7. Korfor er snøsmeltinga i Himalaya så viktig for Pakistan?
  8. Korleis har storleiken på den pakistanske befolkninga utvikla seg det siste hundreåret? Prøv å finne fleire tal enn artikkelen inneheld - 1950, 1970 osb. Sjå: http://esa.un.org/unpd/wpp/unpp/p2k0data.asp Gå tunder data i venstremenyen | Countryprofiles. Vis gjerne resultatet som ein graf.
  9. Kva meiner forfattaren med at monsunregnet kan komme til å framstå som meir og meir menneskeskapt?
  10. Korleis kan kriser som den etter jordskjelvet i 2005 og den etter flommen i 2010 føre til meir ustabilitet i Pakistan?Korleis kan ein forklare at det kom til storflom i eit land med så knappe vassressursar som Pakistan?
  11. Korleis har dei internasjonale nødhjelpsorganisasjonane skifta fokus i det året som har gått sidan flomkatastrofen?
  12. Arbeidsoppgåver
  13. Diskuter korleis klimaendringar, forringa naturmiljø og demografiske trendar kan komme til å påverke konfliktnivået i Pakistan.
  14. Diskuter kva pakistanarane bør gjøre for å unngå at framtida blir så dyster som trendar i dag kan tyde på at den blir.

Temaer

  • Utviklingspolitikk
  • Midtøsten og Nord-Afrika
  • Klima

Personer

Connor Cavanagh
er masterstudent ved Noragric, Universitetet for miljø og biovitenskap i Ås.