Hopp til innhold

Filippinarar demonstrerer for folk som forsvann i kampen for eit betre liv.  

Foto: Scanpix/Mendoza/Pacific Press

Menneskerettane i praksis

Fattigdom, diskriminering og undertrykking rammar menneske over heile verda. Terror, flyktningstraumar og andre kriser sett også oss på prøve. Mens mange tar menneskerettane for givne, risikerer andre livet for å forsvare dei og retten menneske har til eit trygt og verdig liv. Mange stader har det dessutan blitt farlegare å forsvare menneskerettar.

Personer

Borghild Tønnessen-Krokan
Seniorrådgiver i Regnskogfondet. Statsviter fra Universitetet i Oslo og medieviter fra London School of Economics.
  • Kva er menneskerettar?
  • Kva for rolle spelar menneskerettane?
  • Korleis blir desse rettane sikra og brote i dag?
  • Kva for dilemma kan dei som skal forvalte menneskerettane, stå overfor?

Kva er menneskerettar?

Menneskerettar er kort sagt dei rettane ein har fordi ein er menneske – uavhengig av alder, kjønn, hudfarge, religion, nasjonalitet eller politisk oppfatning.

Ideen om at det finst slike universelle rettar som gjeld alle, oppsto for fleire hundre år sidan. Imidlertid eksisterte det ikkje noko internasjonalt system som sikra desse rettane før FN blei oppretta for å skape fred, utvikling og samarbeid. Det skjedde etter alt det grusomme som hende under andre verdskrig: Då blei rundt femti millionar menneske drepe, og nazistane definerte enkelte grupper – jødar, sigøynarar, homoseksuelle og andre – som mindreverdige. Ein viktig veg til fred går gjennom å fremme og etterleve menneskerettane.

«Alle menneske er fødd frie og med same menneskeverd og menneskerettar» står det i artikkel 1 i Verdserklæringa om menneskerettar som FN vedtok i 1948. Erklæringa inneheld 30 artiklar som definerer og syner fram kva for rettar det enkelte menneske har. Seinare har FN vedteke ei rekke menneskerettskonvensjonar. I motsetnad til erklæringa er konvensjonar juridisk bindande. Konvensjonane utdjupar forskjellige rettar, som rettane til kvinner, barn, flyktningar og funksjonshemma.

Menneskerettane kan ein dele inn i to hovudkategoriar:

  • Politiske og sivile rettar handlar om rettstryggleik, fridom frå overgrep og rett til å delta politisk i samfunnet. Ytringsfridommen, forsamlingsfridommen og prinsippet om at alle skal vere like for lova er eksempel på politiske og sivile rettar.
  • Økonomiske, sosiale og kulturelle rettar handlar om at vi har rett til å få dekka våre grunnleggande behov. Retten til utdanning og arbeid og ein tilfredsstillande levestandard er eksempel på slike rettar.

Korleis blir menneskerettane ivaretatt?

Menneskerettane definerer kva for plikter  styresmaktene i eit land har overfor enkeltindivid – rett til liv, fridom og til ikkje å bli diskriminert eller torturert. Staten skal respektere, sikre og fremme menneskerettane.

Det finst lover og system for menneskerettar både på nasjonalt, regionalt og globalt nivå.

Ein som meiner at rettar er brotne, kan melde overgrep og føre saka si for retten. Om ein taper saka og den er prøvd i den høgste rettsinstansen i eit land (Høgsterett i Norge), kan ein klage på staten overfor FN eller ein internasjonal eller regional domstol, for eksempel Den europeiske menneskerettsdomstolen.

Menneskerettar blir gjerne til i fasar:

  • Først må nye normer og reglar vekse fram mellom folk og statar – ofte er det eldsjelar som kjempar dei fram.
  • Etter at internasjonale dokument som definerer menneskerettspliktene til statane så er utvikla og signert,
  • må statane – gjerne ei nasjonalforsamling – ratifisere (endeleg godkjenne) dokumenta, det vil seie akseptere pliktene og ansvaret dei medfører.
  • Ei ny internasjonal avtale trer sjeldan i kraft før eit visst antall statar har ratifisert den.
  • Ofte må ein stat endre lover i eige land slik at dei samsvarer med dei internasjonale pliktene.
  • Deretter må dei oppfylle eller etterleve desse menneskerettspliktene overfor enkeltindivida i landet sitt. Her skorter det i ei rekke land.
Teikning: politicalcartoons.com

Styresmaktene må sende inn rapportar til FN om korleis dei etterlever avtalene. Under såkalla universell, periodisk gjennomgang i FNs menneskerettsråd blir alle medlemsland eksaminert – også Norge som part i ei avtale – av andre land, som også er partar, om korleis dei etterlever menneskerettane. Sjølv om Norge menneskerettsleg ligg godt an samanlikna med andre land, er bruk av isolasjon i arrest, varetekt og fengsel noko av det Norge har fått kritikk for.

For å bidra til å styrke gjennomføringa og etterlevinga av menneskerettane ved å overvake og rapportere om deira stilling i Norge, blei Norges nasjonale institusjon for menneskerettar etablert i 2015. Den nye nasjonale institusjonen er underlagt Stortinget, men med ei uavhengig og sjølvstendig stilling.

Også uavhengige journalistar og menneskerettsorganisasjonar – som Amnesty og Human Rights Watch – arbeider med å ivareta menneskerettane i Norge og andre land.

Nobels fredspris for å fremme menneskerettar

Ein treng ofte stort mot for å forsvare fridommane og rettane våre. Nokre har blitt tildelt Nobels fredspris for engasjementet sitt. Den yngste nobelprisvinnaren nokon gong er  Nobels fredspris 2014: En linje fra menneskerettigheter til fred  Yousafzai. Ho overlevde etter å ha blitt skoten i hovudet av Taliban – som kontrollerte området der ho budde. Der hevda ho jenters rett til skolegang og utfordra dermed konservative religiøse krefter. Familien støtta ho og oppmuntra engasjementet hennar: «Takk for at du aldri klippa av meg vengene, og heller lot meg fly og få fortsette å jobbe for det eg brenn for», sa Malala til faren sin.

Andre nobelprisvinnarar er den indiske menneskerettsaktivisten Kailash Satyarthi som har eit sterkt fokus på barns rettar og forbod mot barnearbeid, Aung San Suu Kyi som kjempa for demokrati og menneskerettar i Burma og juristen Shirin Ebadi som var Irans første kvinnelege dommar og som kjempar for like rettar for begge kjønn.

Atter andre prisvinnarar er blant anna kenyanske Wangari Maathai som kjempa for menneskerettar og miljø, Leymah Gbowee som mobiliserte tusenvis av kvinner til ikkje-valdelege protestar for fred i det krigsherja heimlandet Liberia og den tunisiske kvartetten for nasjonal dialog. Dei fekk prisen for sitt  «avgjørende bidrag for byggingen av et pluralistisk demokrati».

Kritiske røyster blir trua

I Norge tar mange menneskerettar for gitt. Vi nyt godt av frie val, frie medium,  Rettsstat , velferdsgode og større grad av likestilling enn i dei fleste andre land. Våre formødre og -fedre har kjempa fram og sikra oss desse rettane. Mange stader i verda er det derimot livsfarleg å verne om menneskerettane og uttrykke seg fritt. Nokre eksempel på kritiske røyster som blir forsøkt stilna, kan illustrere det:

Journalistar er ei utsett gruppe. Verda kan vere på veg mot ein ny propagandatidsalder, varsla organisasjonen «Reportere uten grenser» i mai 2016. Deira «World Press Freedom Index» rangerer 180 land etter kor uavhengige media er, sjølvsensur, rettssamfunn og openheit. Det finst lyspunkt på lista.  Tunisia: revolusjon, dialog og demokratisering har blitt meir ope og fritt og klatra 30 plassar oppover. I Afrika bli Namibia framheva som eit eksempel på pressefridom. Og etter at konflikten aust i Ukraina har blitt tont ned, har pressefridommen der blitt betre.

Organisasjonens rangering viser likevel ei kraftig forverring i pressefridommens kår.  Verstingane på lista er autoritære statar som Kina, Syria, Turkmenistan, Nord-Korea og – nedst – Eritrea. Europa er framleis den regionen i verda som har størst pressefridom. Finland er rangert som landet med størst pressefridom, etterfølgd av Nederland og Norge.

Hva nå, Polen?  heile 29 plassar til 47. plass fra 2015 til 2016, hovudsakleg på grunn av den ultrakonservative regjeringas nye medielov. Den gir styresmaktene makt til å utnemne og avsette sjefar i statleg radio- og TV. Organisasjonen uttrykker også uro for at truslar mot journalistar aukar i takt med nasjonalistiske straumdrag.

Farleg å forsvare folks menneskerettar

Å kunne arbeide trygt for menneskerettar utan fare for represaliar (straffeovergrep) er nødvendig for å sikre opne og demokratiske samfunn. Menneskerettsforkjemparar – eller menneskerettsforsvararar – er personar eller grupper som arbeider for å styrke vernet og gjennomføringa av menneskerettane utan bruk av vald eller våpenmakt.

Kan det vere deg den kinesiske arbeidaren vil ha i tale? Korfor?

Teikning: Politicalcartoons.com

Menneskerettsforkjemparar forsvarer andres rettar og er ofte talspersonar for sårbare og marginaliserte (tilsidesette) grupper eller for menneske som ikkje kan eller er ute av stand til å forsvare seg sjølve. Dei representerer i mange tilfelle lokale krefter som arbeider for positive endringar der dei bur.

Å forsvare menneskerettane kan vere veldig vanskeleg og farefullt. Styresmaktene i mange land oppfattar arbeidet til forkjemparane  som ein trussel mot eiga makt.  Over store delar av verda blir menneskerettsforsvararar og familiane deira drepe, trua, trakassert eller på andre måtar forhindra frå å arbeide. Gjennom byråkratiske reglar kan styresmakter hindre menneskerettsorganisasjonar i å registrere seg eller motta pengar. Organisert kriminalitet og korrupsjon kan gjøre at dei som angrip menneskerettsforsvararar, ikkje blir straffeforfølgde.

FNs spesialrapportør for menneskerettsforsvararar framhever især truslar retta mot menneskerettsforkjemparar som fremmar kvinners rettar og personer som arbeider med menneskerettsspørsmål som har å gjøre med rett til jord og utnytting av naturressursar.

I mars 2016 blei for eksempel miljø- og urfolkaktivisten Berta Cáceres skoten og drepen i heimen sin i Honduras av to menn, etter å ha fått ei rekke drapstruslar. Den prisbelønte aktivisten Cáceres var særleg kjent for sin kamp mot å bygge vasskraftverk og starte gruvedrift med store miljøulemper i område der urfolk bur. Ho er diverre langt frå den einaste: Mellom 2010 og 2015 blei meir enn 100 menneske drepe i Honduras – eit av dei mest valdelege landa i verda – for å forsvare miljøet og urfolks rettar. Konfliktane handlar som regel om naturressursar.

Kort tid etter drapet på Berta Cáceres blei ein ny resolusjon vedtatt i FNs menneskerettsråd. Den skal trygge menneskerettsforkjemparar som arbeider for å fremme økonomiske, sosiale og kulturelle rettar. Norge var initiativtakar og leia harde forhandlingsrundar. Norge har i fleire år gått foran i FN for å forsvare retten til å forsvare menneskerettane.

Den nye resolusjonen gjeld både enkeltpersonar, grupper og organisasjonar som bruker grunnleggande fridommar, som ytringsfridom og organisasjonsfridom, for å fremme økonomiske, sosiale og kulturelle rettar. Retten til samfunnsutvikling og sikring av kvinnelege menneskerettsforkjemparar er ein viktig del av resolusjonen. Resolusjonen tar også for seg næringslivet, og gir råd om korleis ein der kan bidra til å ivareta menneskerettane, for eksempel overfor minoritetsgrupper.

Menneskerettar under press – også i Vesten

Over heile verda blir menneskerettar brote. Sjølv om folk har eit betre menneskerettsvern i Norge og andre vestlege demokrati, er menneskerettane under press også i vår del av verda. Terror, valdeleg ekstremisme og flyktningstraumar utfordrar vernet om menneskerettane også i vestlege land.

Ei rekke menneskerettsorganisasjonar og ekspertar åtvarer mot misbruk av tiltak mot terror og spionasje. Nokre slike tiltak har ført fleire land på feil kurs, også i Vesten, blant anna ved å gjøre meir bruk av tortur og overvaking. Etter terrorangrepet i USA 11. september 2001 blei fangar frå USAs «krig mot terror» overført til militærbasen Guantánamo, som USA held mot vertslandet Cubas vilje (for øvrig ein eittpartistat som også blir kritisert for menneskerettsbrot, ikkje minst av USA). Mange blei bortført, ulovleg fengsla og utsett for grov og systematisk tortur og mishandling. Ingen av fangane har fått lov til å forsvare seg i ei rettferdig rettssak.

Enkelte har tatt lettare på menneskerettsbrota på Guantánamo fordi fangane er helde for å vere valdelege ekstremistar og/eller terroristar som sjølv ikkje respekterer  Menneskerettigheter - menneskerettar . Problemet er at når ein tillèt tortur og andre brot på enkeltmenneskes rettar på grunn av kven dei er, kva dei trur på eller kva dei har gjort, er ein med på å undergrave heile systemet som sikrar oss alle – med andre ord dei same verdiane ein påberoper seg å forsvare i den såkalla krigen mot terror.

Alle land søker alliansar for betre tryggleik. I tryggingspolitikken er det mange dilemma: Kan vi forsvare å hjelpe ein (potensiell) despot (og overgripar) til å bekjempe overgrep og stanse illgjerningar andre stader med militære middel? Nokre av Norges og USAs allierte er blant verdas mest undertrykkande regime. Eit av desse er Saudi-Arabia, som har mottatt militærutstyr frå Norge og våpen frå andre vestlege land i ei årrekke, dels for å dempe den regionale innflytinga til Iran, ein annan menneskerettsversting.

Det er ikkje alltid lett for menneskerettsaktivistar å sleppe til.

Teikning: politicalcartoons.com

Dette skjer til tross for at Saudi-Arabia er berykta for middelalderske straffemetodar som halshogging og pisking av kritikarar. Og kvinner har svært få rettar. For eksempel har kvinner i Saudi-Arabia ikkje lov til å køyre bil. Etter både norske reglar for våpeneksport og internasjonale – FNs Arms Trade Treaty – skal slik eksport ikkje finne stad dersom det er fare for at den kan bli brukt til alvorlege menneskerettsbrot eller undertrykking.

I det norske regelverket for eksportkontroll står det vidare at «Norge ikkje vil tillate sal av våpen og ammunisjon til område der det er krig eller krig truar, eller til land der det er borgarkrig». Sidan mars 2015 har  Kald krig i Midtøsten: Saudi-Arabia vs. Iran  av land som har hjelpt regjeringa i Jemen militært med å bekjempe Houthi-opprørarar. Koalisjonen fekk våpen og utstyr blant anna frå Norge. Fleire tusen sivile er drepe (blant anna bombing av sjukehus og nabolag), mange av dei barn.

I Jemen er også mange sivile drepe av  Droner - Hva er de godt for?  i den såkalla kampen mot terror – i alt 55 sivile i åra 2011–2012 ifølge Bureau of Investigative Journalism. Kritikarar samanliknar bruken av dronar med å helle bensin på bålet – istadenfor å bidra til auka tryggleik mot terror fører den til meir konflikt og radikalisering.

Norge og ei rekke andre land utrusta også Libyas eineveldige leiar Muammar Gaddafi militært i 2010. Få månader seinare, i 2011, trua Gaddafi med å vende desse våpna mot si eiga befolkning. Då blei den same Gaddafi bomba av dei same vestlege landa han fekk våpen frå. Norge var mellom landa som sleppte flest bombar.

Libya: Veivalgene står i kø  illustrerer eit vanskeleg dilemma: FN kan – etter vedtak i  Sikkerhetsrådet i FN  – gripe inn militært for å verne befolkninga i eit land, viss styresmaktene i landet ikkje gjør det, jf. prinsippet om «Responsibility to Protect» –  Ansvar for å beskytte?  – frå 2005).

I midten av mars 2011 frykta ein at store statlege overgrep ville skje i Libya. I løpet av få dagar involverte FN seg i Libya – etter mandat frå Tryggingsrådet. «Responsibility to protect» og menneskerettane utfordrar FN-prinsippet om at statar har  Ikke-innblandingsprinsippet  innanfor landegrensene sine – altså rett til ikkje-innblanding utanfrå. Diskusjonen går stadig om kva som er viktigast av menneskerettar eller statssuverenitet, og når ein eventuelt bør gripe inn.»

Libya enda i kaos; våpen og krigarar strøymde frå Libya til nabolandet Mali og grupper forbunde med  Al Qaida . Der sette dei landet i brann. I eit Libya i kaos fekk terrororganisasjonen IS fotfeste. Eitt resultat er at tusenvis av desperate båtflyktningar no forsøker å krysse Middelhavet frå den libyske kysten. Våpen strøymer inn – ofte frå Europa, menneske strøymer ut – ofte til Europa.  

Kva med menneskerettane til flyktningar?

Retten til asyl er under press i ei rekke land. Artikkel 14 i Verdserklæringa om menneskerettar slår fast at det er ein menneskerett å søke og ta imot asyl. Ikkje sidan andre verdskrig har så mange menneske vore på flukt frå krig og konflikt, forfølging og naud. Dei opplever at grunnleggande menneskerettar som retten til liv, ytrings- og religionsfridom, reint drikkevatn og helsehjelp blir krenka, likeså retten til fridom frå tortur og umenneskeleg behandling.

Syria fra vondt til verre  har drive meir enn 12 millionar menneske på flukt. 7,6 millionar er på flukt inne i Syria, mens over 4,6 millioner har flykta til naboland. Ein million  Verdens flyktningkrise – årsaker, konsekvenser og mulige løsninger  kom inn over Europas grenser i 2015. Over 75 prosent av dei har flykta frå konflikt og forfølging i Syria, Afghanistan eller Irak.

Dei europeiske landa lagar fysiske og juridiske stengsle for å hindre flyktningane i å komme til Europa og reise gjennom Europa. Dette inneber at ein i praksis tar frå flyktningane retten dei har til å søke asyl og til å få vern, åtvarer Amnesty.

Frå slummen i Mumbai, India. Kva med denne gutens grunnleggande menneskerettar?

Foto: Creative commons

Ifølge Flyktningkonvensjonenhar verdssamfunnet ei plikt til å dele ansvaret når konflikt fører til masseflukt som blir ei byrde for enkeltland. Ansvaret omfattar dels å ta imot flyktningar i eige land og å yte finansiell støtte til flyktningarbeidet i landa som er hardast ramma.

I urolege tider som no er det likevel viktig å huske på at verda på andre måtar blir meir rettferdig. Menneskerettane har stor global oppslutning, og fleire land er blitt demokratiske sidan 1970-talet. 

Fattigdommen i verda har blitt halvert sidan 1990 og innan 2030 skal ekstrem fattigdom vere borte – i tråd med berekraftsmåla til FN.  Barnedødeligheten går ned. Eksempelet Bangladesh er halvert, færre dør av sjukdommar  og det store ebola-utbrotet er over. Færre sveltar. Fleire barn blir vaksinert og går på skole. Verdssamfunnet etablerer stadig nye viktige normer for å ivareta menneskeverdet. Utfordringa er å etterleve dei. Når det stormar rundt oss, blir også verdiane våre sett på prøve. Tilsvarande når det ikkje stormar rundt oss, når vi – i eit av verdas rikaste og fredelegaste land – blir minna om urett og andres lidingar.

Som det heiter i Arnulf Øverlands mest kjente dikt «Du må ikke sove»: «Du må ikke sitte trygt i ditt hjem og si: Det er sørgelig, stakkars dem! Du må ikke tåle så inderlig vel den urett som ikke rammer dig selv!»

Arbeidsoppgaver

Oppgaver

  1. Kva vil det seie at menneskerettane er universelle?
  2. Kva er den folkerettslege hovudskilnaden mellom Verds-erklæringa og menneskerettskonvensjonane?
  3. Gjør greie for korleis menneskerettar blir til i fasar.
  4. I kor mange av verdas land er situasjonen god med omsyn til pressefridom?
  5. Gjør greie for valsituasjonar der representantar for ein styresmakt står overfor eit dilemma – foran å velje mellom minst to motstridande alternative val.
  6. Korfor er Guantanamo eit menneskerettsleg problem?
  7. Korleis og korfor kjem menneskerettane under press også i vestlege land?
  8. Diskuter påstanden «Ein viktig veg til fred går gjennom å fremme og etterleve menneskerettane.»
  9. Gruppearbeid: Gå saman i smågrupper på to–tre. Kvar gruppe skal kort gjøre greie for menneskerettsarbeidet til ein menneskerettsaktivist. Konsentrer framstillinga om hendingar som har vore avgjørande for menneskerettsarbeidet hans eller hennar og tema for dette arbeidet. Kva har vedkommande måtta "betale" for sitt arbeid? Har han eller ho stått overfor sentrale dilemma i arbeidet? Korleis har det internasjonale samfunnet evt. vore involvert?  Bruk internett til å finne fram til aktivistar (obs: unngå overlapping). Til slutt: Kvar gruppe får 5-7 minutt til å presentere sin aktivist.
  10. Diskuter korfor mange land lettare synest å akseptere brot på menneskerettane i nokre land medan andre kan sleppe unna med mykje av dei same brota.
  11. Diskuter korleis det å bekjempe terror kan stille både styresmakter og enkeltmenneske overfor vanskelege dilemma.

Lenkeforslag til denne artikkelen

Relaterte kompetansemål