Arbeidsoppgaver
Tillegg til HHD 2006-2007: 18,  26. februar 2007
Asbjørn Aaheim: Klimaendringar: Kva skjer?
 Redaktør: Ivar Windheim

  1. Under finn du ei rekke utsagn. Etter å ha lese artikkelen skal du kunne seie om det enkelte utsagnet er riktig eller galt. Kryss av i riktig celle.
    Utsagn

    Riktig

    Galt

    Frå slutten av 1800-talet til slutten av 2000-talet reknar ein med ei dobling av CO2-konsentrasjonen i lufta.    
    Det finst både ein naturskapt og ein menneskeskapt drivhuseffekt.    
    Ein auke i den globale gjennomsnittstemperaturen vil slå likt ut over alt på jorda.    
    Kortbølga energistråling slepp lettare gjennom laget av klimagassar enn langbølga energistråling.    
    Dei som er mest direkte avhengige av naturen er mest sårbare for klimaendringar.
    Enno har ikkje klimaendringane gitt markante utslag.    
  2. Diskuter korfor klimaendringar på kort tid igjen er blitt eit politisk topptema.
     
  3. Gjør greie for karbonets kretsløp.
     
  4. Korfor har det tatt lengre tid å erkjenne at den observerte temperaturauken –  ikkje bare den auka CO2-konsentrasjonen – også er menneskeskapt?
     
  5. Diskuter om det lenger kan vere tvil om at menneskelege aktivitetar fører til klimaendringar.
     
  6. Kva for gassar blir rekna for drivhusgassar (klimagassar)?
     
  7. Er drivhuseffekten noe menneska aleine har skapt?
     
  8. Korfor er folk i fattige land meir utsette sårbare for klimaendringar enn andre?
     
  9. Diskuter påstanden: «Dersom konsekvensane av klimaendringar i hovudsak er positive for Norge, er det ingen grunn for nordmenn å setje inn mottiltak.»
     
  10. Diskuter påstanden: «Alle land må få seg tildelt ein utsleppskvote basert på like utslepp for alle innbyggarar i verda.»
     
  11. Diskuter påstanden: «Dei innbyggarane som slepp ut meir CO2 enn gjennomsnittsinnbyggaren i verda, må betale for det til dei som slepp ut mindre.»
     
  12. Diskuter påstanden: «Fordi nytten av mange klimatiltak til dels kjem svært langt inn i framtida vil dagens veljarar og politikarar ikkje gjøre noe med klimautviklinga.»
     
  13. Kva gjør du når
    - noen foreslår at klasseturen med fly til Roma skal bli meir klimavenleg ved kjøp av frivillig klimabillett? www.mittklima.no
    - fylket av klimagrunnar vedtek at frå no må alle elevar i vidaregåande skole med mindre enn 5 km til skolen sykle (eller gå) til skolen.
     
  14. Diskuter kva for nye klimatiltak det er mest realistisk å få gjennomført - internasjonalt og i Norge.
     

Nettstader