Arbeidsoppgaver
Tillegg til HHD 2003-2004: 1, 18. august 2003
Arne Strand og Astri Suhrke
Redaktør: Ivar Windheim

  1. Under finn du ei rekke utsegn. Etter å ha lese artikkelen skal du kunne seie om det enkelte utsegnet er riktig eller galt. Kryss av i riktig celle.
    Utsagn

    Riktig

    Galt

    Kina grensar til Afghanistan.    
    Loya Jirga er namnet på ein lokal krigsherre i Afghanistan.    
    Sovjetunionen trakk seg ut av Afghanistan i 1992.
    NATO har styrkar i Afghanistan.    
    Narkotikaproduksjonen i Afghanistan har vorte redusert etter 2001.    
    Til saman står det meir enn 17 000 soldatar frå det internasjonale samfunnet i Afghanistan.
  2. Gjer greie for religiøse og etniske forhold i Afghanistan.
  3. Kva land grensar til Afghanistan? Kva for interesser kan dei ha i Afghanistan?
  4. Kva meiner ein med mujahedin, Taliban og Loya Jirga?
    Korleis kom pashtunarane ut av forhandlingane i Bonn i 2001?
  5. Diskuter kva for ei støtte Karzai-styret synest å ha.
  6. Drøft grunnar til at dei lokale krigsherrane («guvernørane») synest så lite villige til å gi slipp på makt.
  7. Kva for to internasjonale hovudstyrkar står i dag i Afghanistan. Kva skiller mellom dei to styrkane?
  8. Kva for utfordringar står Karzai-styret overfor?
  9. Korfor er det viktig for NATO-landa å sende soldatar til Afghanistan?
  10. Drøft påstanden: «Den internasjonale krigen mot terror skuggar for utvikling og tryggleik i Afghanistan.»

Noen nettadresser

 

14.08.2003