Arbeidsoppgåver
Tillegg til HHD 2003-2004: 17, 23. februar 2004
Daniel Heradstveit: Aserbajdsjan: Nederlag for demokratikreftene
Redaktør: Ivar Windheim

  1. Under finn du ei rekke utsagn. Etter å ha lese artikkelen skal du kunne seie om det enkelte utsagnet er riktig eller galt. Kryss av i riktig celle.
    Utsagn

    Riktig

    Galt

    Nagorno-Karabkh er ei landlomme inne i Aserbajdsjan.    
    Folkefleirtalet i Aserbajdsjan er  kristne.    
    Folkefleirtalet i Nagorno-Karabakh er i hovudsak muslimar.
    Valet i Aserbajdsjan hausten 2003 har fått godkjend karakter av det internasjonale samfunnet.    
    Aserbajdsjan har eit omfattande flyktningproblem.    
  2. Kva meinte menneskerettsorganisasjonen Human Rights Watch om den siste maktoverføringa i Aserbajdsjan?
  3. Kor mye er ideologi og kor mye er personlege maktambisjonar ved val i Kaukasus?
  4. Gjør greie for kva styresmaktene i Aserbajdsjan nyttar oljeinntektene til.
  5. Korleis kan olje vere ei hovudårsak til demokratikreftenes nederlag?
  6. Kva for håp kan aserbajdsjanarar gjøre seg om at den nye presidenten vil rydde opp i korrupsjonen i landet?
  7. Kva har hendt med det sivile samfunnet i Aserbajdsjan etter at dei sto i fremste rekke i kampen mot sovjetdiktaturet?
  8. Kva meiner ein med signaturbonus?
  9. Kva er Nagorno Karabakh? Kven står striden mellom, kva går striden ut på og kva er situasjonen i dag?
  10. Diskuter om det er riktig av vestlege oljeselskap å investere i oljeutvinning i dagens Aserbajdsjan?
  11. Kva meiner forfattaren med at Aserbajdsjan er blitt «ein kasteball i det geopolitiske maktspelet i området»?

Nettadresser:  

27.05.2004