Arbeidsoppgaver
Tillegg til HHD 2003-2004: 11, 24. november 2003
Kjersti G. Berg: Islam, kvinner og menneskerettar i Iran
Redaktør: Ivar Windheim

  1. Under finn du ei rekke utsagn. Etter å ha lese artikkelen skal du kunne seie om det enkelte utsagnet er riktig eller galt. Kryss av i riktig celle.
    Utsagn

    Riktig

    Galt

    Shirin Ebadi kjem frå Iran.    
    Kvinner i Saudi-Arabia har ikkje lov å køyre bil.    
    Sharia er den gudegitte lova som står over verdslege lover.
    Dei fleste av dei som har fått Nobels fredspris, er vesteuropearar.    
    Hijab er del av ein islamistisk organisasjon.    
    Khomeini kom til makten i 1989.
  2. Kan Shirin Ebadi vise veg for muslimske kvinner verda over?

  3. Gjør greie for menneskerettssituasjonen for kvinner i ulike muslimske land generelt og i Iran spesielt.

  4. Kva er sharia?

  5. Kva forstår du med hijab, og ulama?

  6. Kva for grupper er særleg sterkt representerte i demokratirørsla i Iran?

  7. Kva meiner ein med at menneskerettane er universelle?

  8. Drøft påstanden: «U- og i-land kan ikkje ha samme krav på seg til å etterleve menneskerettane.»
     

Nettadresser:  

29.01.2004