Arbeidsoppgaver
Tillegg til HHD 2002-2003: 20, 24. mars 2003
Asle Toje: EU frå 15 til 25

  1. Under finn du ei rekke utsagn. Etter å ha lese artikkelen skal du kunne seie om det enkelte utsagnet er riktig eller galt. Kryss av i riktig celle.
    Utsagn

    Riktig

    Galt

    Dei 15 EU-landa har 378 millionar innbyggarar.    
    Ukraina er eit av dei 13 søkarlanda.    
    Københavnkriteria er tre sett av krav søkarlanda må oppfylle før dei kan bli medlemsland. 
    EU (EF den gongen) hadde  9 medlemsland i 1986.    
    Barcelona-prosessen er eit samarbeid mellom dei sørlege EU-landa.    
    EU er den største økonomiske eininga i verda.
  2. Kva meiner vi med at EU har vakse både i «djupna» og «breidda»?
  3. EU har i dag ca. 378 millionar innbyggarar. Kor mange vil EU ha i 2005 med 10 nye medlemsland?
  4. Kva heitte Den europeiske unionen (EU) i 1959, 1969 og i 1999? 
  5. Gjør greie for dei ulike omgangane med EU-utvidingar.
  6. Kan kva land som helst i Europa bli medlem i EU?
  7. Kva symboliserer dei tolv stjernene i EU-flagget?
  8. Korfor er spørsmålet om medlemskap for Kypros så problematisk for EU?
  9. Drøft påstanden: «Under Irak-konflikten i 2003 har Storbritannia, Spania og andre land brote med EUs mål om å etablere ein felles utanrikspolitikk.»
  10. Tre av søkarlanda fekk ikkje tilbod om medlemskap i denne omgangen. Diskuter korfor.
  11. Korfor vil ei utviding av EU kreve reformer av unionen og kva slags reformer?
  12. Kven sit i EU-konventet, og kva for oppgåver har Konventet?
  13. Gjør greie for mulige verknader av ei utviding av EU.

Nyttige nettadresser

28.03.2003