Arbeidsoppgaver
Tillegg til HHD 2006-2007: 24, 14. mai 2007
Sverre Lodgaard: Iran-konflikten: Kor kritisk?
 Redaktør: Ivar Windheim

  1. Under finn du ei rekke påstandar. Etter å ha lese artikkelen skal du kunne seie om den enkeltet påstanden er riktig eller gal. Kryss av i riktig celle.
    Utsagn

    Riktig

    Gal

    Iran har i all hovudsak ei sunnimuslimsk befolkning.    
    EU3 vil seie dei tre landa Tyskland, Frankrike og Italia.    
    Den amerikanske utanriksministeren i 2007 heiter Condoleezza Rice.    
    Anriking av uran er basert på sentrifugar som skil U-238-isotopar frå U-235.    
    Iran kan i dag anrike uran i industriell skala.
    Blant makthavarane i Iran er det semje om å halde fram med atomprogrammet.    
  2. Gjør greie for opptrappinga av Iran-konflikten sidan 2005? Kva er det aller nyaste i opptrappinga?
     
  3. Diskuter alvoret i trusselen om bruk av militær makt.
     
  4. Korleis fekk Iran tak i atomteknologi?
     
  5. Kva meiner ein med Det internasjonale atomenergibyrået (IAEA)? Kva vil det seie at IAEA forvalter Ikkjespreiingsavtalen?
     
  6. Kva for reelle atommaktar – land med atomvåpen – har verda i dag?
     
  7. Kva er det kritiske elementet ved overgangen frå sivil til militær bruk av atomteknologi?
     
  8. Kva land er sterkast involverte i Iran-konflikten?
     
  9. Også faktorar som ikkje har direkte med spaltbart materiale å gjøre, kan skape frykt for mulige iranske atomvåpen. Kva for faktorar kan det vere?
     
  10. Diskuter ytre- og indrepolitiske grunnar til at Iran kan tenkast å utvikle atomvåpen.
     
  11. Kva for pressmiddel har Iran overfor det internasjonale samfunnet? Og korleis kan landet gjøre seg nytte av dette?
     
  12. Kvifor blei ikkje den pakistanske og den indiske atombomba i 1998 (og andre «uoffisielle» atommaktar møtt med same motreaksjonar frå verdssamfunnet som ei mulig iransk bombe no blir?
     
  13. Diskuter innhaldet i artikkelavslutninga: «Ikkjespreiingsavtalen koplar krav til ikkjeatommaktene om ikkjespreiing med krav til atommaktene om nedrusting. Den logikken er ikkje til å komme forbi.»
     
  14. Diskuter kva virkemiddel de har mest tru på i Iran-konflikten: diplomatisk-politiske, økonomiske eller militære.
     
  15. Drøft korleis fiendskapen mellom Israel og Iran kan påverke Iran-konflikten.

     

Nettstader