Tillegg til HHD 5, 24. september 2007
Jan M. Haakonsen: Somalia - enda meir krig?

  1. Under finn du ei rekke påstandar. Etter å ha lese artikkelen skal du kunne seie om den enkelte påstanden er riktig eller gal. Kryss av i riktig celle.
     
    Utsagn

    Riktig

    Galt

    Somaliland er internasjonalt godkjend som eigen stat.    
    Ogaden ligg i Etiopia.    
    Den somaliske overgangsregjeringa held til i byen Baidoa.    
    FN hadde ein fredsstyrke i Somalia mellom 1992 og 1995.    
    Den sosiale strukturen i Somalia bygger i stor grad på klanar.
    Den somaliske overgangsregjeringa får god hjelp frå Etiopia og USA.    
  2. Korleis kan ein seie at Somalia er ein fragmentert stat?

  3. Kva for eit hovudmål hadde militærdiktatoren Barre med Ogadenkrigen? Kjenner du andre krigar som er starta på liknande grunnlag?

  4. Kva utgjør maktgrunnlaget for dei ulike krigsherrane i Somalia?

  5. Kven er dei mest sårbare gruppene – i Somalia så vel som i andre borgarkrigar?

  6. Rollespel: De bur i eit krigsherja nabolag i Mogadishu. Mangelen på tryggleik har saman med høgkriminalitet prega kvardagen der i årevis. De har hørt at ei heilt ny gruppe er på kraftig frammarsj; dei nærmar seg. Den kan tilby «freedom from fear – altså tryggleik i kvardagen, men også at din personlege fridom blir innskrenka ved forbod mot moderne musikk og klede, og innføring av strenge straffar.

    No er folk i bydelen samla til møte; dei skal diskutere korleis dei skal forholde seg til «de nye» – helse dei velkomne eller markere motstand ved å støtte ei lokal, upåliteleg krigsherre.

  7. Diskuter kva islamistanes sosiale forankring og holdningar kan bety for Somalia.

  8. Korleis kan ein seie at Somalia er sjølve skoleeksempelet på ein samanbroten stat – ein «failed state»?

  9. Diskuter i kva grad stormaktsinteresser kan påverke striden i Somalia.

  10. Diskuter om det er rett av det internasjonale samfunnet å blande seg inn i borgarkrigen i Somalia.

  11. Diskuter kva for hovudutfordringar Somalia står overfor - sjølv om det skulle bli varig fred.


Nettstader