|
|
|

Tillegg til HHD 15, 4. februar 2008
Torbjørn Færøvik: INDIA – Asias nye mirakel?
- Under finn du ei rekke påstandar. Etter å ha lese artikkelen skal du
kunne seie om den einskilde påstanden er riktig eller gal. Kryss av i riktig
celle.
| Utsagn |
Riktig |
Galt |
| India og Kina har til saman 2,5 millionar innbyggarar. |
|
|
| India var ein fransk koloni fram til 15. august 1947. |
|
|
| 2 av 3 indarar bur på landsbygda. |
|
|
| Marknadskreftene har fått større spelerom i India sidan 1990. |
|
|
| Delstaten Uttar Pradesh har 188 millionar innbyggarar. |
|
|
| Dalit er ein høgkaste i India. |
|
|
- Korleis har utviklinga vore i India dei siste tiåra?
Kva for hovudutfordringar står India overfor?
- Gjør greie for kordan India er ein etnisk, språkleg og religiøs mosaikk.
- Korfor hadde India så liten økonomisk vekst dei første tiåra etter at landet blei sjølvstendig i 1947?
- Kva har skjedd i den indiske økonomien frå tidleg på 1990-talet og fram til i dag?
- Kva meiner ein med «outsourcing»?
- Diskuter kva de meiner dei viktigaste verkemidla for India for å halde fram med den utviklinga landet no er inne i.
- Kva for indre motsetnader kan stikke kjepper i hjula for Indias økonomiske oppsving?
Korleis påverker den sterke veksten i India og Kina økonomi og leveforhold i vår del av verda?
- Kva er ein dalit? Korfor fekk Vincent Manoharan Raftoprisen i 2007?
- Diskuter påstanden «India er verdas største demokrati». Bruk Internett».
- Diskuter påstanden «India treng ei jamnare fordeling av goda».
- Beskriv den sannsynlege befolkningsutviklinga i India og Kina dei første 25 åra.
- Korleis har forholdet mellom India og nabolanda Kina og Pakistan utvikla seg dei siste 50--60 åra?
- Korfor er striden mellom India og Pakistan ekstra spennande for omverda?
- Korfor er vatn frå Himalaya så viktig for India (og Kina)? Kva kan vere i ferd med å skje med denne vassforsyninga, og med kva verknader?
Nettstader
|