|
|
|

Tillegg til HHD 24, 13. mai 2008
Ivar Windheim: 2007-mai 2008: Konfliktar i dag Under finn du ei rekke påstandar. Etter å ha lese artikkelen skal du
kunne seie om den enkelte påstanden er riktig eller gal. Kryss av i riktig
celle.
| Utsagn |
Riktig |
Galt |
| Krig vil seie meir enn 1000 drepte i kamp i løpet av eitt år. |
|
|
| Sudan, Irak og Colombia har flest internflyktningar. |
|
|
| Borgarkrigar spreier seg ofte til omverda. |
|
|
| I dei siste 20 åra har det stort sett vore fleire grensekryssande flyktningar enn internflyktningar. |
|
|
| Militærutgiftene i verda har stige dei sist 10 åra. |
|
|
| Asymmetri vil seie at to partar i ein konflikt er jambyrdige. |
|
|
- Korleis har talet på alvorlege konfliktar utvikla seg sidan tidleg på 1990-talet?
- Kva kjenneteiknar dagens alvorlege konfliktar?
- Kva meiner vi med krig?
- Korleis kan internkonfliktar bli halde varme mye lenger enn det lokale ressursgrunnlaget tilseier?
- Korleis har forholdstalet mellom militære og sivile konfliktofre utvikla seg dei siste tiåra?
- Gjør greie for utviklinga av flyktningtala dei siste 20 åra.
- Kva meiner vi med avstatleggjøring av krig og konflikt?
- Kva meiner vi med asymmetri i forholdet mellom konfliktpartar?
- Kva forstår vi med en "failed state"?
- Diskuter kva for verknad ein samanbroten statr kan ha for tryggleiken utanfor eige land.
- Etter FN-pakta er statane suverene på sitt eige område (ikkje-innblandingsprinsippet). Diskuter om statar likevel kan blande seg inn i ein stat med borgarkrig.
- Diskuter korleis ein diaspora som flyktningar og andre migrantgrupper kan bidra til å trappe opp eller til å skape fred og forsoning i ein konflikt i heimlandet.
Nettstader
|