|
|
|
Arbeidsoppgåver
Tillegg til HHD 2005-2006: 16, 6.
februar, 2006
Johannes Nymark: Det svingar i Latin-Amerika
Redaktør: Ivar Windheim
- Under finn du ei rekke utsagn. Etter å ha lese artikkelen skal du
kunne seie om det enkelte utsagnet er riktig eller galt. Kryss av i riktig
celle.
| Utsagn |
Riktig
|
Galt
|
| Dei fleste
landa i Latin-Amerika blir styrt frå venstre. |
|
|
| Evo
Morales er president i Mexico. |
|
|
| Vatn er no
ei viktig kampsak i dei latinamerikanske landa. |
|
|
| Det skal
ikkje haldast presidentval i Latin-Amerika i 2006. |
|
|
| Det var
IMF som ville at Uruguay skulle bruke 4.5% av BNP på utdanning. |
|
|
| Korrupsjon
er nesten borte i Colombia. |
|
|
- Kva meiner forfattaren med at nyliberalismen har spelt
fallitt, særleg i Latin-Amerika?
- Kva for konsekvensar har nyliberalismen hatt i Latin-Amerika?
- Kva fordelar og ulempar ser du med å sleppe utanlandske selskap til
i eigarskapen og drifta av eit lands sentrale naturressursar?
- Diskuter korfor tilliten til det etablerte maktapparatet – iallfall
inntil nyleg – har vore så låg i Latin-Amerika.
- Vatn er ein knapp ressurs i mange område i Latin-Amerika. Fleire
stader har det komme til kampar mellom politi og folk i spørsmål som har
med forsyning av vatn å gjøre. Kva har ofte vore bakgrunnen for desse
kampane?
- Diskuter korleis eit presidentval i det fattigaste landet i
Latin-Amerika angår oss i Norge.
- Korleis har Det internasjonale pengefondet (IMF) påverka utviklinga
i Latin-Amerika i dei siste par tiåra?
- Korleis har dei seinaste vala i Latin-Amerika med fordelingspolitikk
å gjøre?
- Valmøte for Evo Morales, Bolivia. Han seier ja til kulturell dyrking
av kokaplanten, men nei til kokain og narkosal. Det blir dermed ikkje
fritt fram, men kontrollert produksjon av koka i kamp mot narkobaronar
og illegal framstilling av kokain. Korleis skal han klare å forvalte
dette skiljet?
- Korfor er president Chavez i Venezuela eit problem for USA? Og
korfor er USA eit problem for Chavez?
- Gjør greie for noen av dei politiske måla til dei nye styresmaktene
i Latin-Amerika.
Nettstader
|