Arbeidsoppgaver
Tillegg til HHD 2005-2006: 14, 16. januar 2006
Aina Holm: 
Vegen vidare for FNs tusenårsmål.
 Redaktør: Ivar Windheim

  1. Under finn du ei rekke utsagn. Etter å ha lese artikkelen skal du kunne seie om det enkelte utsagnet er riktig eller galt. Kryss av i riktig celle.
    Utsagn

    Riktig

    Galt

    FN-toppmøtet i september 2005  konkluderte med at verda ligg lang foran skjema med å nå Tusenårsmåla innan 2015.    
    I 2003 sto EU for 54 % av verdas bistand.    
    Sidan 1970 har FN hatt som mål at givarland skal yte minst 0,7 % av BNI (brutto nasjonalinntekt).    
    Erklæringa om Tusenårsmåla blei underteikna av 189 land i 2002.    
    USA er det landet i verda som gir mest pengar til  bistand.    
    Få land fokuserer meir enn USA på ytre forhold og omverdas ansvar for å nå Tusenårsmåla.    

     

  2. Kva forstår du med Millenniumserklæringa?
     
  3. Kva meiner vi med Tusenårsmåla?
     
  4. Korleis kom Tusenårsmåla i stand?
     
  5. Kor mange fattige blir hjulpe ut av fattigdommen innan 2015?
     
  6. Kor langt i retning av å nå måla har verda komme per i dag? Sjå her.
     
  7. Korfor er det viktig at også i-land rapporterer til FN kva dei har gjort for å nå Tusenårsmåla?
     
  8. Diskuter påstanden: «Bistand er eit underordna middel i kampen mot fattigdommen i verda.»
     
  9. Gjør greie for argument til dei som legg vekt på dei indre forholda i eit land som forklaring på ein elendig situasjon. Og argument til dei som legg vekt på ytre forhold.
     
  10. Gjør greie for korleis storleiken på bistanden har utvikla seg i perioden 1990–2004.

Nettsteder