Arbeidsoppgaver
Tillegg til HHD 2005-2006: 6, 3. oktober 2005
Valter Angell og Ivar Windheim: 
G8-toppmøtet 2005 
 Redaktør: Ivar Windheim

  1. Under finn du ei rekke utsagn. Etter å ha lese artikkelen skal du kunne seie om det enkelte utsagnet er riktig eller galt. Kryss av i riktig celle.
    Utsagn

    Riktig

    Galt

    Målet til EU er å auke bistanden sin til 1,4 % av BNP innan 2015.    
    Dei afrikanske landa ønsker heller auka  handel enn naudhjelp.    
    Norge er av dei landa i Europa som har lågast toll på varer frå Afrika.    
    Kina er med i G8-gruppa..    
    G8 blei danna rett etter krigens slutt i 1945.    
    Live 8 blei sett i gang av kjende musikarar som Bob Geldof og Bono.    
  2. «Gjør noe med fattigdommen i verda, NÅ.» Dette var bodskapen for Live 8 og kampanjen «Make poverty history» sommaren 2005. Kva var målet med Live 8? Kva for ein samanheng inngikk konsertane i?
     
  3. Drøft påstanden: «Musikk og politikk bør ikkje blandast.»
     
  4. Korleis kan det internasjonale samfunnet sikre at lovnadene frå G8-møtet sommaren 2005 verkeleg blir sette ut i livet?
     
  5. Drøft påstanden: «Mobilisering av folkemassane har lite å seie for om G8-landa bidrar eller ikkje.»
     
  6. Kva fortel overskriftene
    · This is not Live Aid 2
    · Frå Live Aid til Live 8
    · Live 8 handlar om rettferd, ikkje velgjerd
     
  7. Diskuter innhaldet i sitata under

    «Desse konsertane er starten på den lange marsjen for rettferd, vår einaste måte å gjøre stemmene våre hørt på.» www.live8live.com

    «Utan tvil er Live 8 ein av desse augneblinkene i historia der vanleg folk kan gripe høvet til å oppnå noe verkeleg stort og krevje at dei 8 statsleiarane får slutt på fattigdom.» www.live8live.com

    «G8-leiarane har makt til å endre historias gang. Men dei kjem bare til å vise vilje til å gjøre det om titusenar av menneske syner dei at nok er nok.» www.live8live.com

    Ved å doble bistanden, slette gjeld og sørge for rettferdige handelsvilkår for Afrika kan G8-leiarane forandre framtida til millionar av barn, kvinner og menn.» www.live8live.com
     
  8. Drøft påstanden: «Det norske samfunnet må vere villig til å redusere den norske produksjonen av kjøt, korn og andre landbruksvarer for å sikre betre tilgang for produsentar i sør og dermed redusere fattigdommen i verda.»

Nettsteder

  • Live 8s nettstad
  • Make Poverty History er ein organisasjon som ønsker å avskaffe fattigdom.
  • Farm Aid ønsker å hjelpe bøndene slik at dei kan forsørge seg sjølv.
  • Data har som mål spreie kunnskap om dagens Afrika. Dei opplyser om AIDS, urettferdig handel og generelt om Afrikas ulike kriser og urettferdigheter.
  • Word Dept opplyser om hvilke land som skylder hverandre hva.
  • G8 er ei samling av dei åtte mektigaste nasjonane i verda.