Arbeidsoppgåver
Tillegg til HHD 2004-2005: 2, 30. august 2004
Sigrun Slapgard: Irak-krigen: Massevilleiing? Eller Masseøydeleggingsvåpen? Redaktør: Ivar Windheim

  1. Under finn du ei rekke utsagn. Etter å ha lese artikkelen skal du kunne seie om det enkelte utsagnet er riktig eller galt. Kryss av i riktig celle.
    Utsagn

    Riktig

    Galt

    Det amerikanske mediesentert låg i Kuwait.    
    Det var PR-byrå som sto bak den amerikanske mediestrategien for Irak-krigen i 2003.    
    Avisene New York Times og Washington Post angrar si eiga dekning av Irak-krigen.
    I forkant av krigen var det ofte eksilirakarar som blei brukt som kjelder for nyheitsdekninga.    
    Den arabiske mediedekninga av Irak-krigen var nokså lik den vestlege.    
    Saddam Hussein hadde ein omvendt bevisbyrde før Irak-krigen starta.
  2. Kva meiner ein med innrullerte journalistar?
  3. Kor viktige er mediene for moderne krigføring?
  4. Kordan påverkar 24-timersjournalistikken med kontinuerlige nyheiter og bilde kvardagen til toppolitikarar?
  5. Kva vil det seie å kryssjekke ein kjelde? Korfor er det så viktig å kryssjekke kjelder?
  6. Gjør greie for iallfall ein forskjell mellom mediestrategien i Irak-krigen 1990-91 og den i 2003.
  7. Korfor var det i forkant av Irak-krigen så tvilsomt av media å satse så sterkt på eksilirakarar som kjelde for informasjon.
  8. Kva meiner forfattaren med eit forteikna trusselbilde?
  9. Drøft påstanden: «Sjølv om det ikkje blei funne masseøydeleggingsvåpen, var det riktig å gå til krig mot Irak.»
  10. Kva kan vere grunnen til at informasjonskrigen er blitt ein så mye viktigare del av krigføring?
  11. Korfor påverkar bilde meiningsdanninga så sterkt som dei ofte gjør?
  12. Drøft tilfelle der det kan vere riktig av media bevisst å underslå fakta.
  13. Kva er det som kan skje under dekke av unntakstilstandens tvangstankegang?
  14. Drøft kordan webloggar til soldatar - personleg utlegging av eigne bilde og tekstar - kan påverke krigars gang.

     

Nettadresser:

26.08.2004