Arbeidsoppgaver
Tillegg til HHD 2004-2005: 18, 28. februar 2005
Geir Flikke:
Demokratiet svinn
 Redaktør: Ivar Windheim

  1. Under finn du ei rekke utsagn. Etter å ha lese artikkelen skal du kunne seie om det enkelte utsagnet er riktig eller galt. Kryss av i riktig celle.
    Utsagn

    Riktig

    Galt

    Den russiske presidenten har svært vide fullmakter.    
    Vladimir Putin blei allereie i 1995 utnemnd til statsminister.    
    Etter at Jeltsin gikk av nyårsaften 1999 blei Putin fungerande president fram til valet i mars 2000, som han vann.    
    Putin har innført ei ny administrativ inndeling av Russland i sju superregionar.    
    I 2002 blei  forretningsmagnaten Khodorkovskij arrestert, selskapet hans Yukos stod aleine for nesten 50 % av Russlands oljeeksport.    
    Sperregrensa for politisk parti som stiller til val i Dumaen, hevast frå 5 % til 10 %.    
  2. Kva meiner vi med vide fullmakter?
  3. Vinteren 2005 opplever Putin store problem. Kva går desse ut på?
  4. Korleis kan vi seie at den russiske presidenten har svært vide fullmakter?
  5. Kva for ein bakgrunn har president Bush?
  6. Korleis har dei russiske statsfinansane utvikla seg i tida etter kommuniststyret?
  7. Korleis kom Putin til makta i 1999?
  8. Kva er ein silovik?
  9. Kva meiner vi med en oligark? 
  10. Korleis har president Putin distansert seg frå tidlegare president Jeltsins forhold til oligarkane i russisk politikk og næringsliv?
  11. Diskuter påstanden: "Saka om Yukos oil er ei kriminalsak meir enn ei politisk sak"
  12. Diskuter om Russland har eit partivesen slik vi kjenner dei frå vestlege land. 
  13. Diskuter kor demokratisk det er å bruke statens ressursar til å sikre seg attval.
  14. Etter fleire terroranslag i 2004, mellom anna i Beslan, skjerpa presidenten og Dumaen lovgivinga.Korleis?
  15. Drøft kor demokratisk det er med "styrte overgangar" til ein ny president. 

Nettsteder