Arbeidsoppgaver
Tillegg til HHD 2006-2007: 8, 30. oktober 2006
Vegard Bye: Angola: Naturrikdommar -- ikkje bare av det gode
 Redaktør: Ivar Windheim

  1. Under finn du ei rekke utsegn. Etter å ha lese artikkelen skal du kunne seie om den enkelte utsegna er riktig eller galt. Kryss av i riktig celle.
    Utsagn

    Riktig

    Galt

    England var kolonimakta i Angola.    
    Frigjøringa frå kolonimakten var ikkje blodig.    
    I 1992 skifta Angola makthavarar.    
    Luanda er hovudstaden i Angola.    
    Om lag hundre tusen menneske mista livet under borgarkrigen i Angola.
    Norge har ansvar for utviklinga i Angola.    
  2. Kva for eit land var kolonimakt i Angola? Kvifor opphørte koloniveldet i Angola?
  3. Kva meiner ein med overflodens forbanning? Kjenner du til andre land som opplever denne forbanninga?
  4. Kven var dei to viktigaste motpolane i borgarkrigen i Angola?
  5. Korleis har utanlandsk innblanding også etter 1975 bidratt til å påverke konflikten i Angola?
  6. Korleis var Angola ein varm arena for den kalde krigen?
  7. Kva var grunnlaget for at dei gamle makthavarane også kunne bli dei nye?
  8. Oljerikdommen er stor utanfor kysten av Angola. Kjem dei store oljeinntektene og utsiktene til enda fleire folkefleirtalet til gode?
  9. Diskuter kva forfattaren meiner med «Styrt på rett måte, kan Angola i løpet av få år bli Afrikas store success story».
  10. Etter fleire tiår med borgarkrig ber mange angolanarar synlege og mindre synlege arr etter krigen. Og det ligg framleis mange udetonerte miner igjen i rundt om i landet. Korleis kan dette påverke utsiktene til varig fred?
  11. Korleis kan Norge og norske selskap spele ei viktig rolle i å påverke Angola i positiv retning?
  12. Diskuter korfor Kina har fått ein så viktig posisjon i Angola?
  13. Kva arbeider dei ikkje-statlege organisasjonane Publish What You Pay og Norwatch for? Sjå www.publishwhatyoupay.no/ og norwatch.no.  Korfor kan  slike organisasjonar vere viktige i tilfellet Angola? Sjå også: www.eitioslo.no/ og www.eitransparency.org/
     

Nettstader