Arbeidsoppgåver
Tillegg til HHD 2006-2007: 12,  11. desember 2006
Anja K. Bakken: Aust-Timor: På staden kvil?
 Redaktør: Ivar Windheim

  1. Under finn du ei rekke utsagn. Etter å ha lese artikkelen skal du kunne seie om det enkelte utsagnet er riktig eller galt. Kryss av i riktig celle.
    Utsagn

    Riktig

    Galt

    Indonesia okkuperte Aust-Timor i 1975.    
    Fretilin kjempa for frigjøring med valdelege middel.    
    I 1999 blei det halde folkerøysting i Aust-Timor.    
    Det kom FN-styrkar til Aust-Timor i 1997.    
    Australia og Aust-Timor har komme fram til ei avtale om deling av oljefelt i Timor-sjøen.
    I mai 2006 kom det til nye harde kampar i Aust-Timor.    
  2. Korfor kom Aust-Timor i 2006 igjen i tv-ruta verda over?
     
  3. Kva er forskjellen mellom Fretilin og Falintil?
     
  4. Korleis kunne timoresarane fatte nytt håp i 1997 etter år med indonesisk okkupasjon?
     
  5. Folkerøystinga i 1999 førte til valdsbruk og uro. Korfor?
     
  6. UNTAET-operasjonen hadde eit særs vidt mandat. Kva vil det seie?
     
  7. I artikkelen heiter det: « Det utvikla seg eit skilje mellom dei som hadde vore i eksil og no returnerte, og dei som tok del i kampen heime på Aust-Timor gjennom okkupasjonstida.» Kjenner du til liknande skiljelinjer frå andre land? Diskuter korfor det lett utvikler seg eit slikt skilje.
     
  8. Diskuter korfor det etter ein langvarig strid er viktig å finne ein god balanse mellom behovet for forsoning og behovet for rettferd.
     
  9. I 2006 braut det på ny ut kampar på Aust-Timor. Soldatar frå internasjonale styrkar klarte å bidra til å få stans i kampane. Diskuter om det er riktig av det internasjonale samfunnet å blande seg inn.
     
  10. Kva for oppgåver har dagens FN-styrkar på Aust-Timor? Bruk internett. Sjå: www.un.org/Depts/dpko/missions/unmit/index.html
     
  11. Korfor kom det til valdsbruk og uro på Aust-Timor i 2006?
     
  12. Diskuter korleis framtida kan bli for timoresarane.


    Nettstader