Få personar i nyare historie er så beundra og respekterte som Nelson
Mandela. I 1990 blei han sett fri etter 27 år bak fengselsmurane. Fire
år seinare var han førstegongsveljar i ein alder av 76 år, og blei vald til
president i eit Sør-Afrika der hudfargen ikkje lenger avgjorde kven som
hadde stemmerett. Da hadde han gjennom heile livet kjempa mot eit
samfunnssystem som er kjent som apartheid. I praksis var det namnet
på eit samfunn der eit kvitt mindretal hadde all økonomisk og politisk
makt. Ein del menneske har begynt å sjå parallellar mellom det tidlegare
sørafrikanske apartheidsystemet og dagens internasjonale politiske
og økonomiske system.