Arbeidsoppgaver
Tillegg til HHD 2004-2005: 10, 15. november 2004
Tore Linné Eriksen: Global apartheid?
 Redaktør: Ivar Windheim

  1. Under finn du ei rekke utsagn. Etter å ha lese artikkelen skal du kunne seie om det enkelte utsagnet er riktig eller galt. Kryss av i riktig celle.
    Utsagn

    Riktig

    Galt

    Nelson Mandela satt 27 år i fengsel.    
    Verwoerd heitte statsministeren i Sør-Afrika mellom 1958 og 1966.    
    Om lag 20 millionar barn i skolealder går ikkje på skole.
    Årleg bruker verda 14 mrd dollar på luksuscruise.    
    Afrika sør for Sahara og Sør-Asia er dei to regionane i verda der folk er dårlegast stilt.    
    Gjennomsnittsamerikanaren slepp ut 10 gonger så mye CO2 i året som gjennomsnittsafrikanaren.
  2. Kva meiner forfattaren med global apartheid?
  3. Kva meiner forfattaren med at «alt har ei historie»?
  4. Grådigskap og apartheid
    Tidlegare miljøvernminister Børge Brende (Høgre) fekk sitt første møte med Sør-Afrika under FN-toppmøtet i Johannesburg i 2002. Da han blei spurd av ein journalist om grådigskapen til den rike eliten er årsak til global apartheid i dag, var svaret: «Ja, urettferda på kloden mellom dei få rike og massane av fattige kan samanliknast med apartheid ».
  5. Kva for verknad for Kyoto-avtala har det at Russland nyleg godkjende avtala?
  6. Diskuter forskjellane levealder i Sør-Afrika under apartheidsystemet sett opp mot dei globale forskjellane i levealder.
  7. Kva meiner forfattaren med at overflod og botnlaus fattigdom er to sider av same system?
  8. Diskuter om Sør-Afrikas nære forhistorie har ei overføringsverdi til oss i dag.
  9. Drøft påstanden: «Globaliseringa – reduserte landegrenser – gjør alle meir forplikta til å bidra til økonomisk og politisk rettferd for alle i heile verda.»
  10. Drøft påstanden: «I dagens samfunn bør den enkelte klare seg som best han eller ho kan.»
  11. Drøft påstanden: «FN må vedta økonomiske sanksjonar mot dei landa som har det aller største overforbruket av forskjellige ressursar.»

    Nettadresser:

 

22.11.2004