Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

NordStream-2-prosjektets påvirkning på det europeiske gassmarkedet – en utfordring for EU’s energipolitikk

Seminaret fokuserer på fleire viktige spørsmål som er opp til debatt i samband med den planlagde bygginga av Nordstream-2-røyrleidningen under Austersjøen. I ein europeisk samanheng er dette eit strategisk og kontroversielt energiprosjekt.
07 desember 2015
13:30 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Europa
  • Russland og Eurasia
  • Energi
  • EU
  • Engelsk

Fleire vesteuropeiske bedrifter har nyleg underteikna ein avtale med den russiske gass-giganten Gazprom om bygging av to nye røyrleidningar langs Nordstream-1-røyrleidningen. Nordstream-2-røyrleidningen  vil gi russisk gass tilgang til marknader i Vest-Europa. Utbygginga gir Gazprom dobbelt så stor kapasitet for direkte gasseksport frå Russland til Tyskland gjennom Østersjø-ruta. Kapasiteten vil auke  frå dagens nivå på 55 bcm til 110 bcm årleg når prosjekt er realisert. Prosjektet er ein del av ein breiare strategi som skal gjere russisk gassleveranse mindre avhengig av transittlanda som russiske avgjerdstakarar karakteriserer som ustabile; i første rekkje Ukraina.

Både vestlege bedrifter – tyske E.ON og BASF/Wintershall, det britisk-hollandske Dutch Shell, det austriske OMV og franske Engie – er alle direkte involvert i dette ambisiøse prosjektet som har  ein prislapp på 10 mrd euro. Gazprom har hevda at bygginga av denne røyrleidningen vil gi betre sikring av forsyningar og ha ein gunstig innverknad på den europeiske gassmarknaden. Andre aktørar ser midlartid prosjektet som meir kontroversielt, og dei fryktar at det på lang sikt vil ha negative innverknader, fordi EU vil bli meir avhengig av russiske gassforsyningar.  Resultatet kan føre til ei skeivfordeling i gassmarknaden. Vidare meiner fleire EU-land at prosjektet vil ha negative konsekvensar for energitryggleiken deira, og dei har uttrykt alvorleg bekymring. Den planlagde røyrleidningen vil ha enorme politiske og økonomiske  konsekvensar for dei noverande transittlanda, som Slovakia, Polen, Tsjekkia, Kviterussland og Ukraina. Transittlanda kan få dramatiske inntektstap og problem med gassforsyningar forårsaka av russisk gasstransport til Vest-Europa.

I tillegg er prosjektet også delvis i strid med EUs regelverk og planane om ei meir samordna tilnærming til EUs energipolitikk –  kalla «the Energy Union project».  Nokre EU-institusjonar har varsla at dei vil undersøkje om det planlagde prosjektet er i tråd med EUs regelverk, mens andre har gitt prosjektet si direkte eller indirekte støtte. Denne pågåande debatten illustrerer utfordringane som EUs energipolitikarar står overfor. 

Det viktigaste blir å finne ein praktisk balanse mellom økonomiske og politiske interesser. Interessene til medlemsland, bedrifter, EU-institusjonar og energiforbrukarar må balanserast i forhold til  EUs prioriteringar: Utvikling av energisystemet og marknader i Europa; dvs. interessa for betre forsyningstryggleik og oppbygging av eit meir berekraftig enrgisystem som ikkje undergrev EUs globale konkurranseevne.

Agata Loskot-Strachota er seniorforskar ved Centre for Eastern Studies, Warszawa, Polen. Spesialområda hennar inkluderer energipåolitikk, olje- og gassektoren i Russland og landa i den kaspiske regionen, Sentral-, Aust- og Sør-Europa og Balkan; energidimensjonen knytt til internasjonale relasjonar og energipolitikk i EU og det postsovjetiske området. Meir informasjon om aktivitetane hennar med lenkjer til publikasjonar finn du her.

Seminaret er organisert som ein del av prosjektet EUNOR, og inngår i NUPIs seminarserie Noreg møter Europa.

Arrangementet blir live strøymt YouTube

Hovedtaler

Agata Loskot-Strachota
Seniorforsker

Relaterte prosjekter

Forskningsprosjekt
2014 - 2017 (Avsluttet)

Europe in transition – Small states and Europe in an age of global shifts (EUNOR)

Hvilken betydning har EU for små stater i dagens Europa?...

  • Regional integrasjon
  • Utenrikspolitikk
  • Europa
  • EU
  • Regional integrasjon
  • Utenrikspolitikk
  • Europa
  • EU
07 desember 2015
13:30 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Europa
  • Russland og Eurasia
  • Energi
  • EU
  • Engelsk