Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Kan global aktivisme påverke den offentlege debatten rundt konfliktmineral i den Demokratiske Republikken Kongo?

NUPI, UNDP OGC og Nederlands ambassade i Noreg har gleda av å invitere til seminar med Dr. Dirk-Jan Koch.
02 juni 2016
10:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
C.J. Hambros plass 2 D
Seminar

Temaer

  • Afrika
  • Konflikt
  • Engelsk

Robin Wright (også kjent som Claire Underwood i House of Cards), Alec Baldwin og mange andre kjendisar har slutta seg til kampen mot konfliktmineral frå DR Kongo. Dei har vore svært vellykka og ein lov har blitt vedtatt i USA mot konfliktmineral frå DR Kongo. I EU går det føre seg forhandlingar om eit konfliktmineral lov som er i stor grad eit resultat av lobbyverksemd av aktivistar og kjendisane deira. På ei anna side er det ei veksande gruppe av anti-aktivistar, som hevdar at kjendisar og konflikt mineral aksjonistar overforenkler problemet med feil løysingar som ikkje tar omsyn til lokal befolkninga. Desse anti-aktivistane hevdar at mens aktivistane har forma debatten har dei har gjort det på ein slik måte som hindrar utviklinga av DR Kongo. I denne interaktive gjesteforelesinga vil Dr. Dirk-Jan Koch snakke om global aktivisme i forhold til konfliktmineral i DR Kongo og kva suksessar, utfordringar og effektar dette har hatt.

Dirk-Jan Koch er ein diplomat, skribent og samfunnsvitar med fokus på ei verd der naturressursar blir utnytta og blir brukte på ein berekraftig måte. Han har ei doktorgrad i samfunnsvitskap frå universitetet i Radboud, Nederland, ei master frå London School of Economics og ei bachelorgrad frå universitetet i Utrecht, Nederland. Han har også vore deltids professor ved det katolske universitetet i Kinshasa. Han starta sin karrière som diplomat og policy rådgivar i Nederlandske Utanriksdepartementet og var basert i Haag og i DR Kongo, der han fokuserte blant anna på samanhengen mellom konflikt og utnytting av gull og diamantar.

Før Dirk-Jan Koch byrja i Utanriksdepartementet i Nederland, var han regionsdirektør i Search for Common Ground for Vest- og Sentral-Afrika. Han rettleidde meir enn 200 tilsette og konfliktløysing program i Elfenbeinskysten, Liberia, Sierra Leone, Guinea, Nigeria, Den sentralafrikanske republikken , Kongo og Angola. Han rettleidde også eit variert utval av program, frå amnesti-programmet i det oljerike Niger-deltaet program til demilitarisering av tinn-gruvene i Kongo. Han er den noverande nederlandske spesialutsendingen for naturressursar.

Seminaret blir strøymt på YouTube:

Program 10.00-12.00:

Velkommen ved Randi Solhjell

Presentasjon av Dr. Dirk-Jan Koch

Kommentarar ved Mark Taylor, forskingsleiar ved FAFO

Q&A

Bidragsytere

Dirk-Jan Koch
Mark Taylor
Forskningsleder, Fafo

Ordstyrer

Randi Solhjell
Tidligere ansatt
02 juni 2016
10:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
C.J. Hambros plass 2 D
Seminar

Temaer

  • Afrika
  • Konflikt
  • Engelsk