Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

EUs strategi for Sentral-Asia: Partnarskap for berekraftig utvikling

Korleis kan EU bidra til at landa i Sentral-Asia held fram med å utvikle seg i rett retning?
17 oktober 2017
09:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Internasjonal økonomi
  • Økonomisk vekst
  • Europa
  • Asia
  • EU
  • Engelsk

EUs forhold til Sentral-Asia har fått ny dynamikk dei siste åra. Dette er eit samarbeid som held fram med utforminga av ein ny «EU Central Asia Strategy» som skal vere klar i 2019.

Kva er EUs rolle i Sentral-Asia og kva er dens interesser? Og kva forventningar og ønske har Sentral-Asia til EU? Korleis definerer og balanserer vi EUs komparative fordelar og Sentral-Asias grunnleggjande behov?

Sentral-Asia held fram med å møte både gamle og nye utfordringar som må løysast for å halde oppe tryggleik og stabilitet i regionen. Situasjonen og utviklinga i Sentral-Asia blir også påverka av interesser og aktivitetar frå landa rundt. Russland og Kina, dei største aktørane i regionen, har politisk, tryggingsmessig og økonomisk innverknad for området, blant anna gjennom organisasjonar som EEU, CSTO, CSO og tilkoplingsprosjektet BRI. Tryggingssituasjonen i Afghanistan har direkte konsekvensar for heile regionen. Også andre land i og utanfor Sentral-Asia, som Japan, India og USA, har eigne strategiar for samarbeid.

Internasjonale organisasjonar og finansinstitusjonar speler stadig viktigare roller i Sentral-Asia, særleg på grunn av FNs berekraftige utviklingsmål og rolla i det internasjonale samfunnet i å støtte dei sentralasiatiske landa når dei når SDG. Korleis skal EU samarbeide med partnarane sine for eit best mogleg resultat?

Det skal Peter Burian snakke om når han gjestar NUPI 18 oktober. Burian, som tidlegare har vore Slovakias ambassadør til USA og til NATO, fungerer no som EU Special Representative for Sentral-Asia.

Opningsinnlegg ved seniorforskar på NUPI Pernille Rieker. Ordstyrar er seniorforskar Roman Vakulchuk.

Arrangementet er ein del av prosjektet "Noreg møter Europa".

Talere

Peter Burian
EU Special Representative for Central Asia
17 oktober 2017
09:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Internasjonal økonomi
  • Økonomisk vekst
  • Europa
  • Asia
  • EU
  • Engelsk