Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Teoriseminar: Co‐Managing International Crises: Judgements and Justifications

Dette er tittelen på den nye boka til Markus Kronprobst, professor i internasjonale relasjonar ved Diplomatic Academy of Vienna. Han besøkjer NUPI for å presentere funna han har gjort.
30 mars 2017
13:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Utenrikspolitikk
  • EU
  • Engelsk

Samandraget av boka lyder:

«Denne studien tar for seg eit spørsmål som det ikkje er forska nok på: Korleis lykkast eller mislykkast statar i det å takle internasjonale kriser? Dette er eit spørsmål det er viktig å stille. Utbreidde antakingar i faglitteraturen til trass, reint einsidig krisehandtering er unntaket, sjølv under militære kriser. Forsøk på å komme fram til ein felles reaksjon med likesinna statar er regelen. Denne studien utviklar eit innovativt teoretisk rammeverk for å forklare korleis desse forsøka på å takle internasjonale kriser lykkast eller mislykkast.

Dei viktigaste omgrepa i dette rammeverket er dømmekraft og rettferdiggjørelse. Omgrepa er knytt saman av tre krinsar for interaksjon: perimeter, resonance og structuration. Ved å ta frå eit repertoar av universalier, gjer aktørane materielle og prosessuelle politiske vurderingar for å forstå ein pågåande situasjon (perimeter). Avhengig av den prosessuelle dømmekrafta deira er dei meir eller mindre opne for å gå tilbake på dei substansielle avgjerdene sine i møte med korleis dei kan rettferdiggjere det dei skal gjere i ein pågåande situasjon (resonance). Desse prosessane for dømmekraft og rettferdiggjørelse går tilbake inn i repertoaret av universalier (structuration).

Dette rammeverket gir eit kraftig verktøy for å forstå analysen i krisehandtering i ei tid der leiarar synest det blir meir og meir vanskeleg å unngå press for å rettferdiggjere handlingane sine nasjonalt og internasjonalt. Det er eit spesielt kraftig verktøy for å granske kriseresponsen til tett kopla tryggingssamfunn som EU. Det gir ei moglegheit for å granske samanfall og avvik på tvers repertoaret som er utbreidd i medlemslanda og som er tilgjengeleg for leiarane deira, så vel som vurderingsmønsteret og rettferdiggjørelsen desse gir. Djupneanalysen bak denne studien av dømmekraft og rettferdiggjørelse i og på tvers av Frankrike, Tyskland og Storbritannia under krisene i Bosnia, Kosovo, Afghanistan og Irak, framhevar desse bidraga til internasjonal relasjonsteori, grepet vårt om internasjonale kriser generelt, og EU som krisehåndterer spesielt.»

Markus Kornprobst er professor i internasjonale relasjonar ved Diplomatic Academy of Vienna. Han har tidlegare undervist ved School of Public policy ved Universite College of London og Magdalen College ved Oxford University. Kornprobsts forskingsområde omfattar internasjonal fred og tryggleik, internasjonal relasjonsteori, Political Agency and Practical Reason, styresett og diplomati, Nuclear Non-proliferation, krisehandtering, europeisk politikk, afrikansk politikk og metode.

Ordstyrar er forskingssjef på NUPI, Ole Jacob Sending. Han forskar på global styring, med særleg fokus på internajonale og ikkje-statlege organisasjonars rolle i fredsbygging, humanitær bistand og utvikling.

Taler

Markus Kornprobst
Professor, Diplomatic Academy of Vienna
30 mars 2017
13:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Utenrikspolitikk
  • EU
  • Engelsk