Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Væpna gruppers skattekollekt i DR Kongo

NUPI har gleda av å invitere Kasper Hoffmann på besøk den 4. april. Hoffmann skal snakke om væpna gruppers skattleggingspraksis i det austlege Kongo, og argumentere for korleis desse gruppene bruker skatt til å etablere legitimiteten sin som substitutt for offentlege styresmakter i det austlege DR Kongo.
03 april 2017
12:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Afrika
  • Konflikt
  • Engelsk

Statssamanbrot, etterfølgd av to tiår med retningslaus væpna konflikt, har gjort det austlege DR Kongo om til ein djupt splitta politisk sfære. Her kjempar mange aktørar, blant anna statstilsette, væpna grupper og sivilsamfunnet, ein kamp om å oppnå autoritet over menneske og ressursar. Hoffmann argument for at utøving av skattlegging speler ei viktig rolle i kampen for autoritet. Mens tidlegare litteratur har presentert rolla til skattlegginga som aggressiv og valdeleg, viser nyare studiar at dette er langt meir komplekst enn som så. Skattar sikrar ikkje berre inntekta til væpna grupper, men fungerer også som ein sosialkontrakt mellom autoritetar og innbyggjarar, noko som skaper eit band beståande av felles plikter og rettar.

Kasper Hoffmann vil bruke både historisk materiale og feltarbeid for å diskutere korleis skattlegging ligg i kjernen av etableringa av væpna gruppers autoritet i austlege Kongo. I motsetning til tidlegare litteratur, som ofte ser bort i frå historiske aspekt, vil Hoffmann diskutere korleis langvarige historiske prosessar har forma skattepraksisen i austlege Kongo i dag.

Kasper Hoffman er postdoktor og forskar ved Institutt for Mat- og Ressursøkonomi (IFRO) ved Københavns Universitet. Han er også tilslutta Forskningsgruppen for konflikt (CRG) ved Ghent-universitetet i Belgia. Forskinga hans fokuserer på danninga av politiske og legale identitetar, opprørargruppers styresett, produksjonen av politisk sfære, og landskonfliktar og styresett i austlege DR Kongo.

Ordstyrar er seniorforskar Morten Bøås. Han jobbar i hovudsak med tema knytt til fred og konflikt i Afrika, inkludert problemstillingar som landsrettar og statsborgarskapskonfliktar, ungdom, eks-stridande og det nye landskapet som teiknar seg med omsyn til opprør og geopolitikk. Bøås har forfatta og redigert ei rekkje bøker og artiklar i akademiske tiddskrifter. Han har gjort djuptpløyande feltarbeid i ei rekkje afrikanske land

Les meir om Skattjakt-prosjektet her.

PROGRAM:

12:00-12:10 Introduksjon ved Morten Bøås (NUPI)
12:10-13:00 Presentasjon ved Kasper Hoffmann (IFRO)
13:00-13:30 Q&A

Taler

Kasper Hoffmann
Postdoktor, Københavns Universitet
03 april 2017
12:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Afrika
  • Konflikt
  • Engelsk