Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Kamp mot valdeleg ekstremisme: Kva kan vi lære av erfaringane frå Nord-Kaukasus?

Kva påverkar straumen av rekruttar frå republikkane i Nord-Kaukasus til jihadistgrupper i og utanfor Russland?
04 september 2018
12:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Terrorisme og ekstremisme
  • Russland og Eurasia
  • Engelsk

Vi serverer lett lunsj frå 11.30!

Krigarar frå Nord-Kaukasus er overrepresentert blant jihadistgrupper i Russland, men dei er også blant dei mest talrike i andre konfliktområde. Tala varierer, men det har blitt anslått at minst 3471 russiske statsborgarar har forlate Nord-Kaukasus for å bli med i IS og andre fraksjonar i den syriske borgarkrigen.

Samtidig – trass i straumen av radikale som forlèt Nord-Kaukasus – er det framleis jihadistiske grupper som er aktive i dei nordlege kaukasiske republikkane i Russland. Denne hovudsakleg muslimske regionen har vore prega av periodar med krig, undertrykking, terrorangrep og ein generelt dårleg tryggingssituasjon. Sjølv om forholda har blitt betre i dei seinare åra, står førestillinga om valdeleg jihad framleis sterkt blant delar av befolkninga. Kva kan forklare den varige tiltrekkingskrafta frå denne radikale ideologien? Kva verkemiddel bruker den russiske staten for å stoppe straumen av nord-kaukasiarar til jihadistorganisasjonar både innanfor og utanfor republikkane?

Irina Starodubrovskaya bruker marknaden som analogi og rammeverk for å forstå korleis radikalisering hovudsakleg er ein ideologisk prosess. Korleis oppstår etterspurnaden etter radikale ideologiar? Er forholda mellom dei ulike aktørane konkurranseprega eller er dei samarbeidsvillige? Og korleis kan ein stat takle radikalisering ved å påverke tilbods- og etterspurnadsfaktorar, og kost-/nytteforholdet mellom ulike "marknadsprodukt"?  Det skal Starodubrovskaya snakke om 5. september, der ho vil presentere omfattande materiale samla frå eit åtte år langt feltarbeid i Nord-Kaukasus. Ho vil analysere dei beste og verste statlege verkemidla i kampen mot radikalisering i Nord-Kaukasus.

Irina Starodubrovskaya er leiar for avdeling for politisk økonomi og regional utvikling ved Gaidar Institute for the Economic Policy. Ho har tidlegare jobba for Verdsbanken I Moskva, og som nestleiar for Verdsbankens «Foundation for Enterprise Restructuring”. Nord-Kaukasus er eit av Starodubrovskayas ekspertområde, og ho er forfattar av fleire publikasjonar om ulike aspekt ved samfunnet i Nord-Kaukasus, inkludert islamistisk fundamentalisme og radikalisering.

Seminaret blir arrangert i regi av Konsortium for forsking på terrorisme og internasjonal kriminalitet, og seniorforskar Julie Wilhelmsen vil leie seminaret.

Heile arrangementet blir strøymt direkte på NUPIs YouTube-kanal:

Taler

Irina Starodubrovskaya
Gaidar Institute for the Economic Policy
04 september 2018
12:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Terrorisme og ekstremisme
  • Russland og Eurasia
  • Engelsk