Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Førebygging av terrorisme ved hjelp av risikovurderingar: Perspektiv og erfaringar frå Storbritannia

Korleis utmanøvrerer Storbritannias terrornedkjempingsstrategi seg i røyndommen, og kva er risikovurderingas (potensielle) rolle i førebygging av terrorisme?
11 desember 2018
12:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Terrorisme og ekstremisme
  • Engelsk

Seminaret startar kl. 12. Lunsj blir servert frå kl 11.30.

"Prevent"-programmet, som skal førebyggje og forhindre radikalisering og terrorisme, er ein sentral del av britiske styresmakters antiterror-strategi. Innanfor dette programmet har såkalla risikovurderingar blitt stadig viktigare, og to nye risikovurderingsverktøy blir no prøvde ut som ein del av innføringa til kontraterrorpolitiet av den nye strategien.

Kva rolle speler desse verktøya i arbeidet til politiet for å forhindre terrorisme, korleis fungerer dei i praksis? For å klargjere desse spørsmåla har NUPI har invitert Marek Hubert. Han vil gi ei detaljert innføring i heile Prevent-prosessen, frå tips eller tilvising til risikovurdering. Han vil også klargjere korleis avgjerder blir tatt i dei ulike sakene, korleis ein samarbeider på tvers av sektorar, og dessutan kva val og løysingar ein har tilgjengeleg i dei sakene der ein ser urovekkjande utvikling eller åtferd.

Marek Hubert er ein tidlegare akademikar og arbeider no som politi. Han jobbar med risiko, truslar og sårbarheit i hovudkvarteret til det britiske antiterrorpolitiet. Han er ein del av den ei nasjonal gruppe som bidrar med strategisk leiarskap og overoppsyn i "Prevent"-programmet.

I tillegg til arbeidet med pågåande "Prevent"-saker, jobbar han med nasjonal og internasjonal kapasitetsbygging innanfor avdelingar som handterer terrorisme, ekstremisme, hatkriminalitet og alvorleg organisert kriminalitet.

Seminaret blir arrangert av Konsortium for forsking på terrorisme og internasjonal kriminalitet.

Taler

Marek Hubert
Police Officer working in Risk, Threat & Vulnerability within the Disruptions & Disengagement strands of the UK’s Counter-Terrorism Policing HQ
11 desember 2018
12:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Terrorisme og ekstremisme
  • Engelsk