Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Noreg og ei verd i endring

Korleis skal Noreg vareta sine interesser i ei stadig meir motsetningsfylte verda?
11 september 2018
12:30 Europe/Oslo
Språk: Norsk
Litteraturhuset
Seminar

Temaer

  • Utenrikspolitikk
  • Norsk

Høyr podkast frå samtalen her:

Forpliktande internasjonalt samarbeid gjennom FN, NATO, EØS og andre organisasjonar og avtalar er avgjerande for Noregs tryggleik, økonomi og velferd. Den regelstyrte, liberale og multilaterale verdsordenen som blei bygd opp etter andre verdskrigen har tent oss vel. Men dette samarbeidet er under press, også frå sentrale allierte. Makt blir forskoven, normer og avtalar blir utfordra. Forsvar av menneskerettane har blitt endå meir krevjande. Proteksjonisme, nasjonalisme og autoritære tankesett er på frammarsj. Biletet er likevel ikkje eintydig. Internasjonalt samarbeid har nyleg gitt oss ein global klimaavtale og globale berekraftsmål. Fleire barn – også jenter – går på skule enn nokon gong, globalt. EØS-avtalen vernar Noreg mot nye tollsatsar. Kva betyr dette for Noreg? Korleis kan vi halde fram med å fremje våre interesser gjennom multilateralt samarbeid i ei meir motsetningsfylt verd? Treng vi nye alliansar og arbeidsformer – og i tilfelle kva for nokre?

Det er blant spørsmåla utanriksminister Ine Eriksen Søreide ønskjer å svare på i ei ny stortingsmelding om Noregs rolle i det multilaterale systemet. Målet er at arbeidet med denne meldinga skal stimulere til debatt om norske interesser i internasjonalt samarbeid. Onsdag 12. september kl. 12.30-13.30 inviterer Utanriksdepartementet og NUPI til ein offentleg samtale mellom utanriksminister Eriksen Søreide og tidlegare utanriks- og forsvarsminister Espen Barth Eide frå Arbeidarpartiet. NUPI-direktør Ulf Sverdrup leier samtalen.

Arrangementet blir strøymt direkte på NUPIs YouTube-kanal:

Deltakere

Ine Eriksen Søreide
Utenriksminister
Espen Barth Eide
Utenriksminister

Ordstyrer

Ulf Sverdrup
Tidligere direktør
11 september 2018
12:30 Europe/Oslo
Språk: Norsk
Litteraturhuset
Seminar

Temaer

  • Utenrikspolitikk
  • Norsk