Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

AVLYST: Ny konservatisme som nasjonal konsensus i Russland?

På grunn av uventa hendingar må vi dessverre avlyse dette seminaret.
21 oktober 2018
14:30 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Russland og Eurasia
  • Engelsk

Både det russiske folket og dets leiarar ser ut til å vere einige om ein ny konservativ diskurs. Kva går han ut på? Og er det eigentleg ein konsensus?

Ei ny konservativ semje ser ut til å dominere den politiske diskursen og stemninga blant folket i dagens Russland. Denne nye semja dekkjer eit vidt spekter av interesseområde – frå nasjonal identitet og verdiar til innanrikspolitikk og utanrikspolitiske saker.

Kva er hovudkomponentane i denne semja? Kva faktorar og interesser ligg til grunn for dens robusthet og haldbarheit? Er det potensialet for endring i framtida? Og er det eigentleg ei semje? Dette er spørsmål Andrei Melville skal ta opp når han kjem til NUPI 22. oktober.

Professor Andrei Melville er dekan ved Det samfunnsvitskaplege fakultet og leiar av avdeling for statsvitskap ved National Research University - Higher School of Economics i Moskva. Hans faglege interesser er komparativ politikk, regimeskifte, demokratisering og autoritære regime, og verdspolitikk. Han har tidlegare jobba på MGIMO-universitetet og ved Institute of the USA and Canada. Han har også vore gjesteprofessor på UC Berkeley (1992 og 1994) og ved Universitetet i Bergen (1997, 1999 og 2009).

Ordstyrar er seniorforskar på NUPI Helge Blakkisrud.

Arrangementet blir strøymt direkte på NUPIs YouTube-kanal:

Taler

Andrei Melville
Higher School of Economics, Moskva
21 oktober 2018
14:30 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Russland og Eurasia
  • Engelsk