Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Sårbare statar, konflikt og klimaendringar i Mali og Sahel

Sårbare statar, konflikt og klimaendringar set utvikling og styresett på prøve. Kva betyr dette for Mali og Sahelregionen?
12 desember 2018
09:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Afrika
  • Konflikt
  • Engelsk

Sårbare statar, konflikt og klimaendringar set utvikling og styresett på prøve. Kva betyr dette for Mali og Sahelregionen?

Ingen stadar er desse utfordringane klarare enn i Sahel-regionen, som består av nokre av verdas fattigaste og mest sårbare statar. I Sahel – inkludert Burkina Faso, Chad, Mali, Mauritania og Niger – er det Mali som har vorte hardast råka av valdeleg konflikt. Også Niger har fått mykje merksemd i det siste, ettersom ein hovudrute for migrantar frå Vest-Afrika går gjennom den nordlegen byen Agadez før ein når Algeria og Libya.

På dette seminaret fortel Ibrahim Ag Youssouf om Malis nyare historie og situasjonen i dag. Han er språkforkar og tidlegare tilretteleggjar i fredsprosessen i Nord-Mali på 1990-talet. Seniorforkar ved NUPI, Morten Bøås skal snakke om den regionale konteksten og det nye forskingsprosjektet FRAGVENT som undersøkjer valdelege entreprenørar i Libya, Mali, Mauritania og Niger. Vitskapeleg assistent på NUPI, Bård Drange, skal snakke om internasjonale aktørar. Til slutt kommenterer Alida Jay Boye og Halvor Sætre (TBC) presentasjonane. Alida Jay Boye er Mali-ekspert, tidlegare ambassaderåd på den norske ambassaden i Mali og tidlegare koordinator for Mali-programmet på Universitet i Oslo. Halvor Sætre er spesialrepresentant for Sahel i Utanriksdepartementet.

Seniorforkar Kari Osland modererer seminaret, som vil bli sendt direkte på NUPIs YouTube-kanal:

Deltakarar

Ibrahim Ag Youssouf
språkforskar og tidlegare tilretteleggjar i fredsprosessen i Nord-Mali
Morten Bøås
Forsker I
Bård Drange
Tidligere ansatt
Alida Jay Boye
Mali-ekspert
Halvor Sætre
Spesialrepresentant for Sahel, Utenriksdepartementet
12 desember 2018
09:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Afrika
  • Konflikt
  • Engelsk